Klimaris skal få ned metanutsleppa i risproduksjonen

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årets ingeniør-nyvinning

Det skriv forskning.no. Dagens risproduksjon forårsaker store utslepp av metangass. Faktisk mellom åtte og 15 prosent av det globale metanutsleppet. Nettavisa skriv at ei gruppe forskarar har jobba i ti år for å finne ein ny måte å dyrka ris på nærast fjerne utsleppa.

LES OGSÅ: Klimaendringane dyttar vinproduksjonen nordover

Genmodifisering
For å trivst, må risplanter vekse på varme plassar med rikelege vatn, gjørme og næringsrik jord. Det same gjeld bakteriar som produserer metan. For å minke utsleppa fann forskarane eit gen i korntypen bygg, SUSIBA 2, som dei genmodifiserte inn i ris. Dette gjorde det mogleg å «flytte» karbohydrata til delen av planta som er over jorda, i staden for røtene.

På denne måten fekk bakteriane i seg færre karbohydrat, og det vart òg mindre metanutslepp.

– Prosessen gjev redusert utslepp av metan, som bidreg til å avgrense klimaendringane. Det er svært positivt, seier ein av forskarane bak studien, Christer Jansson, til forskning.no

LES OGSÅ: Matjord – eit klimaspørsmål