Færre lærarar i ungdomsskulen, fleire i barneskulen

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På 1.-4. trinn er det blitt 671 fleire lærarårsverk sidan sist skuleår. Det viser ferske tal frå Utdanningsdirektoratet.

På 5.-7. trinn er det blitt 428 fleire lærarårsverk, medan det i ungdomsskulen har blitt 142 færre lærarårsverk.

– Dei nye tala i GSI viser at satsinga på spesielt fleire lærarar på 1.-4.trinn dei siste tre åra har fungert. Det er no 1 656 fleire lærarårsverk enn det var i skoleåret 2014/15. Det tyder på at kommunane bruker pengane dei har fått til det dei skal – fleire lærarar til dei yngste elevane, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Rahman Chaudhry er leiar i Elevorganisasjonen. Foto: Magnus Jellestad Hundvin

– Skuffande

Leiar i Elevorganisasjonen, Rahman Chaudhry, hadde forventa endå fleire lærarar.

– Det er ganske skuffande, og svarar ikkje til den auken i inntekter som kommunane har fått. Dette viser at det er trong for ei nasjonal norm i skulen, seier han.

Chaudhry synest det er synd at fleire av kommunane kuttar talet på lærarar i ungdomsskulen.

– No må kommunane ta ansvar, og eg håpar dei får drahjelp av den nasjonale lærarnorma, understrekar han.

Lærartettleik før lærarnorma tek til å gjelde

Lærarnorma, som fastslår kor mange elevar det skal vere per lærar, skal iverksetjast hausten 2018. Norma fastslår at frå hausten 2018 skal gruppestorleiken i ordinær undervisning vere på 16 elevar eller lågare på 1.-4. trinn, og 21 elevar eller lågare på 5.-10. trinn. Frå hausten 2019 skal norma nedjusterast ytterlegare til under 15 og under 20.

Lærarnorma vil krevje tilsetjing av mange fleire lærarar i grunnskulen. 32 prosent av grunnskulane med elevar på 1.-4. trinn har gruppestorleik på over 16.

LES OGSÅ: SSB: – Fleire lærarar gav ingen effekt på karakterane

Lærarar manglar fordjuping

Det er eit politisk mål at alle lærarar som underviser i norsk, matte, engelsk, samisk og norsk teiknspråk, skal ha fordjuping i desse faga. Det vil seie 30 studiepoeng på barnetrinnet og 60 på ungdomstrinnet.

I dag manglar 22 prosent av norsklærarane, 31 prosent av mattelærarane og 43 prosent av engelsklærarane fordjuping.