Norske foreldre, særleg dei med lågare inntekt, føler seg pressa til å kjøpe mobiltelefon, klede, skulesekk, sportsutstyr og sko til barna. Ein av fire foreldre gir etter og blar opp.

NPK-NTB-Mette Estep
NPK-NTB-Mette Estep
Faktaboks

Fakta om kjøpepress mot foreldre

* 58 prosent av foreldre opplever kjøpepress knytt til barna.
* 26 prosent seier dei opplever kjøpepress og gir etter for det av og til eller ofte.
* Blant dei med barn i ungdomsskulealder svarar heile 72 prosent at dei opplever kjøpepress, og 36 prosent gir etter for det av og til eller ofte
* Delen som opplever kjøpepress, er også betydeleg større blant foreldra som har ei årleg inntekt under 600.000 kroner, 78 prosent.
* Presset er størst når det gjeld kjøp av mobil, klede, skulesekk, sportsutstyr og sko.
* Guteforeldre føler meir kjøpepress rundt mobiltelefon og sportsutstyr, mens jenteforeldra oppgir størst press knytt til klede, skulesekk og sko.
(Kjelde: Undersøking blant 551 foreldre, utført av Respons Analyse for DNB)

(©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

Kjøpepresset varierer for ulike aldersgrupper og blir i størst grad opplevd av foreldra til ungdomsskuleelevar. Her føler sju av ti eit visst kjøpepress, ifølgje ei undersøking gjennomført av Respons Analyse for DNB.

– Eg synest det er trist at så mange foreldre føler det slik. Dette betyr jo at mange barn nok føler på det same, seier forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB til NTB.

Frå alle kantar
Kjøpepress handlar om tilbod av varer ein kanskje kan tenkje seg å ha, men som ein ikkje eigentleg treng eller har råd til. Jo fleire stadar varene blir tilbydd eller nemnt, og jo fleire tonegivande personar som frontar varene, dess større kan kjøpepresset følast.

– I dag er det svært mange arenaer for kjøpepress. For mange handlar dette om kven ein ønskjer å identifisere seg med. Det avheng igjen av kvar ein bur og kven ein har rundt seg. Mange ønskjer å vise at dei har like mykje pengar som naboen, særleg dersom dei eigentleg har mindre, seier Mari Rysst, som er førsteamanuensis ved Høgskolen i Lillehammer og også knytt til SIFO.

LES OGSÅ: – Foreldre kjøper kva som helst

Absurd
Blant foreldre med husstandsinntekt på under 600.000 kroner i året er det heile åtte av ti som opplever kjøpepress. I gruppa med inntekt mellom 400.000 og 600.000 kroner er det klart flest som gir etter for kjøpepresset, 44 prosent. I gruppa med inntekt over 600.000 svarar 20 til 25 prosent at dei gir etter.

– Dette samsvarer med forsking: Dei fattigaste har ikkje råd, men dei med litt moglegheit til å prioritere strekkjer seg veldig langt for at barna deira skal ha det same som alle andre. Nokre sluttar å kjøpe klede til seg sjølv, nokre sluttar å gå til tannlegen. Det kan bli ganske absurd dersom det går utover tenna til foreldra at barna skal ha dyre merkevarer, seier Rysst.

Utanforskap
Ved skulestart er det mykje som trengst, frå skulesekk til klede og sko som passar ein kropp som har vakse over sommaren. Mykje kan kjøpast rimeleg eller brukt, men dei mest populære merka er dyre og skal helst vere nyaste modell. Mange barn og unge trur at å ha dei same tinga som tonegivande, populære personar vil gi dei same status:

– Mi forsking viser at dette? til ein viss grad stemmer. Å ha populære merkevarer er ingen garanti for å bli inkludert, men det kan gjere det lettare å få innpass, seier Rysst.

– Ingen foreldre ønskjer at barna deira skal bli utestengde. Det er nok denne redsla som gjer at så mange av oss vel å gi etter for kjøpepresset, seier Sandmæl.

LES OGSÅ: Motebloggaren som slutta å shoppe

Rollemodellar
Økonomen minner om at kvar gong ein kjøper dyrt eller over evne, skaper ein nytt kjøpepress for andre – pluss ei oppfatning hos barna om at dette er normalen:

– Dersom vi ikkje snakkar med barna om fornuftig pengebruk, får dei seg nok ei ubehageleg overrasking den dagen dei skal klare seg på eiga hand. Det er i hovudsak vår oppgåve som foreldre å snakke med barna om privatøkonomi slik at dei har alle verktøya dei treng for å kunne leve eit verdig liv som vaksne, seier Sandmæl.

Ho anbefaler å snakke med barna om kva ting kostar og kva som skal til for å tene pengane til å dekke utgiftene. Ho slår også eit slag for å lære barna å prioritere og å spare:

– Det er ikkje alt vi kan bestemme, men vi kan framleis påverke barna i rett retning. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11
ANNONSE