Fleire unge røysta i stortingsvalet

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jublar for at fleire unge brukte stemmeretten

– Når unge nyttar stemmeretten, blir heile demokratiet styrka. Dette viser at det nyttar å jobba for å auka valdeltakinga hos dei unge. Det er ein siger for alle dei gode kreftene som jobba for å engasjere unge i årets val, seier Rode M. Hegstad, styreleiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), ifølgje NRK.

Nye tal frå SSB viser at 72,7 prosent av 18- og 19-åringane brukte røysteretten sin i stortingsvalet i september. Det er lågare enn den totale valdeltakinga, som var på 78,2 prosent, men ein klar oppgang frå 62,2 prosent i 2009 og 70,4 prosent i 2013.

Ungdom mellom 20 og 24 år er framleis dei som brukar røysteretten klart minst, men òg i denne gruppa er det ein oppgang, frå 63 i 2013 til 64,3 prosent i år.

Samstundes viser tala frå SSB at auken i valdeltakinga ikkje er jamt fordelet mellom kjønna. Særleg oppgangen i den yngste veljargruppa skuldast nesten berre at jentene er blitt flinkare til å bruka røysteretten.

Faktisk har valdeltakinga gått litt ned blant gutar mellom 18 og 21 år. Kjønnsforskjellane uroar Rode M. Hegstad i LNU.

– Medan unge jenter stemmer meir og meir, fell gutane lengre bak. Politikarane har eit ansvar for å nå ut til og engasjera alle grupper i samfunnet, og vi må rette merksemda mot gutane i åra som kjem, seier Hegstad.

Unge menn med låg utdanning er dei som deltar aller minst i valet, og forskjellen mellom utdanningsgrupper aukar òg, ifølgje SSB sine tal.

Ser me på fylka, er valdeltakinga blant førstegongsveljarane høgast i Akershus og Troms, og lågast i Nord-Trøndelag og Sogn og Fjordane.