18 prosent av veljarane stemte taktisk

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 19.10.2017 10:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Valforskar Anders Todal Jenssen ved NTNU har gjennomgått talmaterialet frå valet og konkluderer med at mange brukte meiningsmålingane aktivt i sitt stemmeval.

I eit intervju med NRK seier Jenssen at opp mot 10 prosent av veljarane stemte taktisk for å sikre at eit parti skulle komme over stemmegrensa.

– Men det er også ein god del veljarar, bortimot 8 prosent, som tar omsyn til kampen om sistemandatet i sitt heimfylke når dei stemmer taktisk. Så tale på dei som les meiningsmålingar og brukar den informasjonen til å gjere taktiske vurderingar, er betydeleg, seier han.

Valforskaren understrekar at det er vanskeleg å vurdere kva veljarane ville stemt dersom dei ikkje hadde følgt sine taktiske vurderingar.

– Dersom vi kuttar ut stemmene til alle dei som stemte taktisk, får vi eit bilde som er veldig likt det faktiske valresultatet. Dersom vi derimot overfører deira stemmer til det andre partiet dei vurderte som mest nærliggjande å stemme på, ville valet i 2017 gitt raudgrønt fleirtal med 89 mot 80 mandat i Stortinget, seier han.