Borgarløn til alle

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

MDG vil ha prøveordning med borgarløn

Talsperson i Grøn Ungdom, Ola Eian, vil ha ei utgreiing som kan sjå på borgarløn tilpassa norsk kontekst og skaffe oss kunnskap frå pilotprosjekt, og peikar på at ei godt fungerande borgarløn kan gjere fleire behovsprøvde ytingar frå folketrygda unødvendige og dermed spara både brukar og stat for byråkrati.

– Har MDG planar om å leggje fram konkrete forslag i Stortinget om dette?

– Ja, det har vi gjort i vårt alternative statsbudsjett. Der framlegg vi å nytte 10 millionar kronar til å nedsette eit utval for vurdering av borgarløn og et utval for vurdering av jobbrotasjonsordningar. Var det vi som fekk bestemme Noregs budsjett for 2018, så hadde me fått testa ut borgarløn allereie over nyttår.

Ola Eian. Foto: Grøn Ungdom

– I Norge er partiet MDG no det einaste som går inn for borgarløn. Kvifor?

– Vi er eit parti som ikkje kvir oss frå å komme med nye tankar og å utfordre det etablerte. Gjer ein det så blir ein ofte sett på som komisk og latterleg, men det er me vant med. Den tida vi lever i utfordrar oss med heilt nye problemstillingar, og det er ikkje alle utfordringar ein kan løyse med gamalt verktøy, svarar Eian.

– Kanskje vert det noko tilsvarande testprosjektet i Finland kor 2000 test-personar no får 5000 kronar i månaden. Eller ein kan sjå til Canada, Nederland, India, England og USA som alle anten har eller planlegg pilotprosjekt, avsluttar han.

5 millionar jobbar vil forsvinne

Mange fryktar at ei stadig raskare teknologiutvikling vil fjerne fleire arbeidsplassar enn ho skapar. World Economic Forum spår at fem millionar jobbar verda over forsvinn innan 2020, og at berre to millionar av desse vil bli erstatta av nye jobbar.

Prøveordningar med borgarløn for å prøve å finne løysingar for dei som fell utanom arbeidsmarknaden er i gang i Finland, provinsen Ontario i Canada, byen Utrecht i Nederland, byen Oakland i California samt delar av India. Staten Hawaii har òg vedteke å starte opp med dette, og fleire andre er på veg.

Førebels er det berre snakk om prøveordningar for utvelde grupper, men planen er å utvida dette til å gjelde alle.

– Tek meg ut at depresjonen

Til dømes Finland har borgarløn støtte frå både høgre og venstre i politikken, og dette blir meir og meir vanleg. På høgresida blir argumentet ofte at ein kan kutte byråkrati med slike direkte utbetalingar, medan det på venstresida er fokus på å trygge inntekta til dei fattige som ikkje kjem under andre ordningar.

I Ontario kan arbeidsledige eller dei med låg inntekt få opp mot 17 000 kanadiske dollar (omlag 115 000 kroner). Dei kan òg jobbe og behalde halvparten av det dei tener på det.

Ein mottakar, Tim Button, sa til AP at livet var totalt annleis etter at han vart med i borgarløneksperimentet i regionen.

– Det tek meg ut av depresjonen min, og eg kjenner meg meir sosial, sa han.

Han fekk ei auke på nesten 60 prosent på inntekta si, noko som gjorde han i stand til å vitje familien sin til jul for første gong på fleire år, kjøpe sunnare mat, gå til tannlege og ta kurs for å finne arbeid lettare.

Borgarløn i Noreg?

Den tidlegare leiaren av Arbeidarpartiet, Reiulf Steen, foreslo i 1999 at alle skulle få samfunnsløn utan noko form for prøving. Denne ordninga skulle erstatta trygdeordningane vi har i dag, studiefinansiering og gje støtte til næringar med låg evne til å gje løn til arbeidarane sine. Han fekk berre klar støtte frå Venstre, og hevda seinare at arbeidsmoralen var for sterk i Noreg for snarleg innføring av dette.

Professor Ove D. Jakobsen, leiar ved senter for økologisk økonomi og etikk ved Nord Universitet, sa til ABC Nyheter at ei slik ordning må gje alle meir enn 16 000 kroner i månaden. Stein Erik Hagen har sagt til Nettavisen at borgarløn vil kome kjapt når vi legg merke til at unge som ikkje får seg jobb.

Venstre var lenge sterke støttespelarar av borgarløn, og fekk i stand ei utgreiing der idéen var å gje alle 180 000 kroner (2G) i året. Dei avgjorde etter dette at det vart for dyrt.

– Vi må hugsa på at statsbudsjettet ikkje kjem til å veksa like mykje dei neste åra som det har gjort tidlegare, og då må vi syte for at velferdsordningane våre treffer dei som treng det aller mest, seier leiar av Unge Venstre, til Framtida.

Sondre Hansmark

Leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark (22). Foto: Unge Venstre.

Han gjer det klart at Venstre har meir tru på gratis barnehage til fattige born, noko dei har satsa på dei siste fire åra.

– Det er eit fattigdomstiltak som treffer betre enn borgarløn, samstundes som det lèt oss bruke pengar på å skapa ein betre skule og andre satsingar som er viktige for dei svakaste i samfunnet.

Han er òg oppteken av at det ikkje er slik at borgarløn løyser alle problem knyta til varig arbeidsløyse.

– Vi treng eit trygdesystem som tek vare på folk som fell utanfor, samstundes som det skal løna seg å arbeida. Vi må ikkje slusa for mange menneske inn på helserelaterte trygdeytelser, men heller satsa på utdanning og omskolering slik at fleire kan få bruka kompetansen sin i arbeidslivet.

Fakta

Borgarløn (eller samfunnsløn) er ei vilkårlaus og universiell grunnintekt som er meint å gje individet fridom til å bruke tida si som ein vil, søke løna og uløna arbeid og gje meir plass til oppfinnsame idear og føretak.