Økonomiprofessor garanterer for Miljøpartiet

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Økonomiprofessor garanterer for MDG

I haust stiller Miljøpartiet Dei Grøne til val i 204 kommunar over heile landet, om lag fire gongar så mange som ved førre kommuneval. Framgangen inneber at partiet vert sterkare utfordra enn tidlegare, og særleg er det den økonomiske politikken som får gjennomgå.

– Med deira økonomiske politikk vil vi ikkje få ei langvarig omstilling, vi vil få eit økonomisk krakk, uttala 1. nestleiar i Unge Høgre, Sandra Bruflot, under ein debatt på Kulturhuset i Oslo nyleg.

Kommentator i Dagens Næringsliv, Bård Bjerkholt, meiner på si side at MDG treng hjelp frå nokon med doktorgrad i økonomi.

LES OGSÅ: – Det grøne skiftet er eit luftslott

I går rykka professor emeritus ved Handelshøgskolen BI, Jørgen Randers, ut med klår tale til kritikarane:

– Eg har doktorgrad i økonomi og kan garantere for at MDGs program er konsistent.

Det skriv Randers i ein kommentar i DN. Han har tidlegare vore rektor ved BI, og har forska på klimaproblematikk i nær 40 år. Mest kjend er han kanskje som medforfattar til boka Limits to Growth (1972).

LES OGSÅ:  – Grøn ungdom sin politikk vil føre til eit krakk

I kommentaren skriv Randers at programmet til MDG heng på greip, sjølv om det inneber eit dramatisk brot med den dominerande vektlegginga av høgst mogleg økonomisk vekst.

Ifølgje professoren består hovudpilarane i MDGs økonomiske politikk av:

    – Ein gradvis reduksjon i den årlege arbeidstida, på to prosent per år.

    – Ei planlagt utfasing av petroleumsnæringa over 20 år.

    – Ei overføring av 200 000 årsverk frå petroleumsnæringa til sektorar som vil trenge meir arbeidskraft, som helse, omsorg, turisme og personlegt tenesteyting.

Randers meiner at sjølv om programmet er ukonvensjonelt, så er det likevel gjennomførbart. Han syner til at partiet ikkje vil bruke fleire arbeidstakarar enn vi har, ikkje importere meir enn vi kan betale for gjennom eksport, og at partiet ikkje vil få høve til å setje programmet ut i livet om ikkje veljarane samstundes er viljuge til å betale den ekstra skatten som trengs for å auke fellesforbruket og redusere personleg forbruk.

–  Programmet er bevisst kostnadsineffektivt. Det leier ikkje til høgst mogleg vekst i BNP, valutainntekt og forbruk. Men programmet vil leie til auka tilfredsheit, meiner MDG, skriv Randers, som trur at partiet har rett i dette.

LES OGSÅ: Vil ha klimarekneskap i kommunane

Professoren spår at omleggingane partiet føreslår vil verte helsa velkomen av dei som ønskjer stabil inntekt og meir fritid i stadet for hardare arbeid og stigande inntekt, dei som forbrukar alt dei tener, og dei som er opptekne av naturen. Uvilja vil kome frå dei som tener meir enn dei forbruker, dei som arbeider i sektorane som må leggjast ned, og dei som meiner låg skatt og ein svak stat er å føretrekkje.

LES OGSÅ: – Livskvalitet handlar ikkje berre om forbruk