Kristin (25) er ny festivalsjef for «rootsen» i Vikedal
Vatsjenta Kristin Hafstad Stokka overtar som Roots-sjef i jubileumsåret, og lokkar med skotsk storband.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka er henta med velvilje frå Grannar.
Vikedal Roots Music Festival feirar 20 år i 2018, og markerer det med å annonsera skotske Waterboys som headliner fredag kveld, eit band som gjorde stor suksess i Vikedal i 2001.
Samstundes opplyser arrangøren at det er skifte i leiinga. Kristin Hafstad Stokka avløyser Jarle Nes som festivalsjef.
Trass sin unge alder er den nye sjefen inga novise i Roots-samanheng. Alt som 17-åring starta den svært musikkinteresserte jenta som artistvert backstages, og dei siste år har ho vore sentral i arbeidet med PR og val av artistar.
Festivalen har lagt nokre økonomisk tøffe år bak seg, men går inn i eit nytt år med optimisme overskot etter eit bra resultat i årets arrangment.
– Jarle Nes og Bjørn Morten Stokka går begge ut av styret i år, og har lang fartstid i rootsen. Dei er to av dei som er årsaka til at me framleis kan driva festivalen vidare, og nå har dei verkeleg fortent ein pust i bakken, seier Kristin Hafstad Stokka.
Les intervju med den nye rootssjefen i måndagens papirutgåve av Grannar.