Ofra Las Vegas for Vikedal

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det slo nok ikkje ned som ei bombe, då Sveinung Leifsen frå Vikedal bestemte seg for å bli bilmekanikar. Som yngstemann av fire brør, der dei fleste er djupt ramma av bil- og motordilla, og ein storfamilie som lever og andar for det same, vart det ikkje berre eit naturleg val for 19-åringen, men også det einaste alternativet, i følgje han sjølv.

— Eg har fått interessa for bil og motor inn med morsmjølka, og for meg har det aldri vore noko anna alternativ enn å utdanna meg som bilmekanikar, seier Leifsen, og legg til at han på ingen måte har blitt pressa til yrkesvalet sitt.

Europa og USA

Etter tre år på skule i Sverige, var han ferdig utdanna bilmekanikar med fordjuping som motorsportsmekanikar no i mars, og fekk praksisplass hos bedrifta Olsberg MSE i Sverige. Her skulle han vera i tre månadar, før han tok avsluttande eksamen i juni. Gjennom desse tre månadane fekk ungdomen strekkja godt på vingane sine, for dette teamet arbeidde med løpsbilar innan rallysporten og reiste rundt, både i Europa og USA på oppdrag.

— I løpet av praksistida mi i Olsberg, fekk eg vera med på løp i både Frankrike, England, Noreg, Belgia og i USA. Teamet vårt har heile fem bilar i USA, så der borte var me i over éin månad, seier vikedalsbuen.

I dette teamet arbeidde Leifsen som bilmekanikar og følgde ein fast bil gjennom fleire løp. Utanom løpa jobbar alle på forskjellige bilar. Sjølv om både folk i familien og slekta hans elles er habile rallycross-sjåførar, har ikkje konkurransekøyringa appellert til han. Han trivst best i verkstaden der han kan fiksa, bygga opp og vedlikehalda bilane.

God lære

Etter at praksisperioden var ferdig og eksamen bestått, fekk Leifsen tilbod om fast jobb hos Olsberg, og sidan juni har han reist rundt med teamet sitt og vore med på både testkøyringar og løp, hovudsakleg i USA.

— Verkstaden vår i USA ligg «downtown LA», der også løpa i X-games har føregått, seier han.

Gjennom desse månadane har Leifsen også fått vera med på løp i Charlott i staten North Carolina og i Las Vegas i staten Nevada.

— Eg har lært utruleg mykje gjennom desse månadane, seier han og legg til at han synest det var godt å komma heim på ferie til Vikedal.

Vil bli i Vikedal

Turen heim til Vikedal denne veka, er ikkje berre ein liten ferietur. Det var også ein tenkepause, for kor vegen går vidare var han ikkje heilt sikker på då han reiste heim frå Las Vegas.

No har han derimot landa på at han ikkje reiser tilbake til USA. Trass i at han gjerne kan kalla jobben i Olsberg for ein draumejobb, lokkar framtida i Holten Motorsport meir enn nokon anna for tida. Daniel Holten er søskenbarnet til Sveinung Leifsen, og det er også desse to som har gått på skulen i Sverige i saman. Mens Leifsen føretrekk å mekka på bilane, vel Holten å sitja bak rattet.

— Det er så mykje spennande som skjer framover og det neste året har eg lyst til å vera med på dette laget. Me skal bygga opp ein bil og satsa stort på neste sesong, så planen er å vera heima ut heile neste sesong, seier Leifsen.

Sjølv om han no vel bort jobben i Olsberg MSE, trur han ikkje løpet er kjørt for eventuelt comeback i det svenske teamet. Han kunne godt tenkt seg å hoppa på igjen om ei stund.

— Eg har eit veldig avslappa forhold det heile, og eg vel å ta tinga litt som dei kjem. No vil eg bli i Vikedal og vera med på teamet til Holten, og då blir det slik, smiler 19-åringen.

LES SAKA I GRANNAR.NO!