Trafikklærar Siv Olsson Tverberg har sett alt frå elevar som sklir på isen til folk som køyrer i feil retning i ei rundkøyring.

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 05.06.2024 14:06

– Å formidla kunnskap om trafikktryggleik, auka forståinga og endra haldningar rundt dette er kjempespennande i klasserommet og i bilen, men ein draum må vera å bli tatt på større alvor i samfunnet generelt. Å nå ut med ei forståing om at bilkøyring ikkje handlar om bilen eller trafikken, men om menneska!

Det skriv Siv Olsson Tverberg til Framtida.no på e-post. Ho er trafikklærar ved Feste trafikkskule i Knarvik. Der er ho med elevar heile vegen frå trafikale grunnkurs til oppkøyring.

Namn: Siv Olsson Tverberg

Alder: 40

Frå: Alver kommune, nord for Bergen

Yrke: Trafikklærar

Utdanning: Eg tok utdanninga mi i Danmark, men i Noreg er det to år på universitet i Stjørdal eller Oslo.

– Eg får vera med på ei reise igjennom alle slags følelsar, alt ifrå nervøsitet, redsel, glede, overrasking, irritasjon, frustrasjon, og rein lykke. Eg er heldig å få vera del av noko som kan endra livet til enkelte, ein livslang draum for andre.

Angrar ikkje eitt sekund

Siv Olsson Tverberg er trafikklærar ved Feste trafikkskole. | Foto: Feste trafikkskole AS

– Kvifor valde du denne yrkesvegen?

– Eg har alltid tenkt at eg ønskjer å gjera masse forskjellig i livet mitt. Eg starta arbeidslivet som konditor, har jobba som støttekontakt, servitør og som butikkmedarbeidar hos Glassthomsen.

Ho fann tidleg ut at ho elska å jobba med menneske, likar å hjelpa andre, og elskar moglegheitene og fridomen i bilkøyring.

– Eg la i lag bitane og fann ut at det måtte bli trafikklærar. No har eg hatt denne jobben i 15 år og angrar ikkje eitt sekund! Eg brenn verkeleg for trafikktryggleik.

Utdanning og praksissjokk

Tverberg var ferdig utdanna i København i 2009, men det er også toårige program for å bli trafikklærar i Noreg i Oslo og Stjørdal. Ho arbeidde nokre år i Bergen og Stavanger, før ho flytta heim til Alver.

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Der vil nok svaret vera ulikt, avhengig av person, forventningar, kor dei vart utdanna og om dei hadde noko kunnskap om yrket frå før.

Det kan vera stor avstand mellom klasserom og det faktiske yrket, og trafikklærarar får også praksissjokk.

– I Danmark, der eg tok utdanninga mi, hadde me enormt mykje praksis på skulen. Både i klasserom og med elev i bil. Det gjorde oss tryggare då me kom ut i arbeid. I Noreg er utdanninga på universitetsnivå og er meir akademisk prega. Dei har òg praksis, men ikkje like mykje, for eksempel i klasserom.

Vil bli teke på alvor

– Kva er det beste med jobben?

– Det er når ein elev verkeleg har oppdaga noko viktig og det endrar korleis hen tenkjer eller haldningar til noko som har stor innverknad.

– Kva er det mest utfordrande?

– Kanskje å få yrket vårt og trafikktryggleik til å bli tatt på alvor i samfunnet? Me er nok eit yrke der mykje har endra seg dei siste tiåra. Opplæringsmodellen var igjennom ei stor revidering for mange år sidan, bransjen har jobba målbevisst oppimot nullvisjonen til myndigheitene. Men dei som allereie har førarkortet, får ikkje dette med seg, og for at taket på trafikkulykker skal fortsetta å gå nedover krev det at alle og ein kvar gjer ein innsats, ikkje berre dei som tek førarkortet sitt i dag.

Ho meiner yrket ikkje berre går ut på å lære folk å køyra bil, men at dei utdannar heile menneske.

– Det psykiske spelar ei større rolle enn eg trudde. Meiningar og verdiar me har, treng me å verta bevisste på og knytte det opp mot alt me gjer i trafikken og kvifor. Dette er superspennande og me har framleis eit stort potensial for å utvikla trafikkopplæringa og betra trafikktryggleiken endå meir i ei positiv retning. Og kvar og ein av oss har mykje større påverknadskraft enn me trur. Å køyra bil er ikkje berre å køyra bil …

Mange timar i trafikken

Kvardagen som trafikklærar er svært variert, og kjem veldig an på eleven, fortel Tverberg. Nokre faste ting er køyretimar, kurs i klasserom og undervisning på øvingsbaner.

– Ein vanleg arbeidsdag inneheld mange timar i trafikken på mange ulike nivå. Nokre prøver å finne ut korleis ein skal svinga utan å komme over på feil side av vegen, nokre skal lære seg ulike måtar å parkera på og andre prøver å finne ut korleis ein skal samhandla med andre i rundkøyringane. Men kvar dag inneheld mykje latter og glede, opplevingar, refleksjon og læring.

Eit utadvendt yrke

– Kva feiloppfatningar har folk om yrket ditt og det du driv med?

– At me «berre lærer folk å køyra bil, det er jo ikkje så vanskeleg …». Nokre trur også at me er ekspertar på bil, på lik linje med ein mekanikar.

Tverberg meiner yrket kan passa for veldig mange.

– Den som er ein god menneskekjennar, er utadvendt og er god på å skapa gode relasjonar og likar å sjå andre lukkast. Det hjelper å vera tolmodig, positiv, pedagogisk og audmjuk. Mykje kan og vil lærast, men eit ibuande kundeservice-«mindset» kjem du langt med.

– Sluttar aldri å overraska

Tverberg synest det er vanskeleg å seia kva som er det mest utrulege som har skjedd på jobb.

– Det skjer mange store og små situasjonar kvar einaste dag, anten me er midt i hendinga sjølv eller me observerer andre i trafikken som skapar ei «sene». Alt ifrå å bli påkøyrd av andre til å skli på isglatt vinterføre, til å sjå andre køyra feil retning i ei rundkøyring eller ut på motorvegen … Trafikken sluttar aldri å overraska!

Ho er likevel sjeldan redd i trafikken.

– Jobben min er jo å sørga for at me kan øva trygt. Eg skal leggja til rette for opplevingar.

– Eg som lærar må sjå til å unngå dei farlege situasjonane og å «stå i» dei me kan læra noko av. Å reflektera over desse hendingane gjer dei om til erfaring som seinare kan nyttast til å unngå liknande situasjonar. Altså kjempeviktige!

På si side av bilen har Tverberg eit ekstra pedalsett og fleire speglar enn på ein vanleg bil. I tillegg kan ho gripe tak i rattet dersom ho treng det.

– Dette kombinert med at eg alltid er på leit etter situasjonar som kan utvikla seg til noko «spanande», gjer at eg sjeldan føler meg redd på jobb. Men det kviler eit visst alvor over det store ansvaret me har.

– Kva draumar har du for framtida?

– Nok eit stort spørsmål som er vanskeleg å svara på. Akkurat no er eg snart ferdig med ei vidareutdanning, som gjer med tittelen «fagleg leiar på trafikkskule». Den jobben gjer meg meir ansvar, og gjer det mogleg å starta min eigen trafikkskule om eg skulle ønskja det.

– Men eg brenn veldig for trafikktryggleik og psykologien i faget. Å jobba med sjølve menneske er det mest spanande med jobben min. Eg har i mange år jobba hardt for å inkludera flest mogleg føresette som skal vera følgjeperson og ser effekten av eit tett og godt samarbeid mellom trafikkskule/-lærar og heim. At dei to åra frå eleven er 16–18 år vert nytta til å øvingskøyra på best mogleg måte.