Listhaug vurderer passbeslag og utreisenekt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sosial kontroll og æreskultur er ein av dei største integreringsutfordringane våre no, sa innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) i Stortinget tysdag.

I ein interpellasjonsdebatt reist av Aps Jan Bøhler, slo ho fast at det er snakk om ein kultur «som er direkte i strid med dei norske og vestlege verdiane om fridom, likestilling og retten til å leve slik ein sjølv måtte ønskje.»

– At foreldre sender ungdom som har vakse opp i Noreg til koranskular der det vert nytta fysisk straff om dei ikkje gjentar koranversa godt nok, er rett og slett uforståeleg for meg og alle andre som har barn, sa Listhaug.

Ulike tiltak

Frp-statsråden seier regjeringa vurderer ei rekke tiltak for å motverke fenomenet, som ikkje minst er blitt belyst gjennom ein serie reportasjar på NRK i haust.

– Regjeringa vil sjå på moglegheita for å halde tilbake pass, slik at foreldre ikkje skal kunne ta med seg barn til utlandet når hensikta er skadeleg, sa Listhaug.

Ho vil også undersøkje om elektronisk grensekontroll kan hindre utreise frå Schengen- området, ved at det kan leggjast inn informasjon om for eksempel barnevernsvedtak, som forbyr utreise.

– Vidare vil vi gjennomgå enkeltsaker der unge er blitt sende til heimlandet og har komme tilbake, for å få ei betre forståing av kva norske styresmakter har gjort rett og kvar det sviktar, sa Listhaug.

Åtvaringar

Debatten følgde etter Jan Bøhles interpellasjon, der han ville vite kva slags tiltak regjeringa vil setje i verk mot sosial kontroll og æresvald i Noreg.

– Vi får stadig alvorlege åtvaringar frå politiet og vitnesbyrd frå jenter og gutar som vert ramma, om at sosial kontroll og fysisk og psykisk æresvald er utbreitt i ein del miljø i Noreg. Vi ser gjentatte tilfelle av truslar, tvang, trakassering, kidnapping og grove valdshandlingar som endå til kan ha døden til følgje, seier Bøhler.

Han viser til at styresmaktene over fleire år har sett inn tiltak mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting, men saknar at det vert teke grep om det han kallar for manglande aksept av fridommen og likestillinga til kvinner.

– Eg kan forsikre om at regjeringa jobbar vidare med å sjå på om det er behov for lovendringar eller andre grep for å forsterke innsatsen mot æreskultur og sosial kontroll, sa Listhaug.