Sveio er kåra til årets nynorskkommune

Får prisen mellom anna for å halda nynorskkurs for foreldre.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kåra til årets nynorskkommune

Kulturdepartementet heidrar Sveio kommune i Hordaland for det særskilte språklege medvitet kommunen syner. Kommunen arbeider systematisk og grundig for å halde nynorsken levande i ein region der målforma er under press.

Sveio kommune har sett kor viktig det er å begynne med nynorskopplæring for barn og unge så tidleg som råd. Difor lever målforma i beste velgåande i dei kommunale barnehagane, og biblioteka er fulle av god barne- og ungdomslitteratur på nynorsk. Kommunen har òg arrangert nynorskkurs for småbarnsforeldre, ein nyskapande idé som har fått mykje merksemd.

LES SAKA: Sveio kommune set foreldra på skulebenken

– Det trengst friske tiltak for å stø opp om nynorsken i pressområda i landet vårt, og Sveio er eit prakteksempel på at målretta arbeid nyttar. Sveio skal ha ros for innsatsen kommunen gjer for å skape trygge nynorskbrukarar, både blant barn og vaksne, seier Kristin Solbjør, seksjonssjef i Språkrådet, som leiar juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

I Sveio er all offentleg informasjon på nynorsk, og språklege målsetjingar er på plass i planverk og strategidokument. Frå og med 2018 vil òg opplæringstilbodet til innvandrarar og flyktningar i Sveio vere på nynorsk. Juryen vil heidre Sveio for innsatsen kommunen gjer for å inkludere nye innbyggjarar i den lokale språklege fellesskapen.