Sovjetnostalgi 20 år etter

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sovjet- nostalgi 20 år etter

Moskva, 25. desember 1991:
Mannen som fram til då hadde vore president i Sovjetunionen, Mikhail Gorbatsjov, trer av på direktesendt TV og erklærer embetet for ikkje-eksisterande. Hammar og sigd på raud bunn, flagget som i meir enn eit halvt århundre har symbolisert verdas andre supermakt, blir senka for siste gong over Kreml. Sovjetunionen opphøyrer å eksistere, og den største geopolitiske omveltinga verda har sett på eit knapt halvt århundre er eit faktum.

Gjennom dei påfølgande åra fulgte den eine krisa etter den andre i det gamle Sovjet. Russland, den største av dei tidlegare Sovjetrepublikkane, var prega av arbeidsløyse, inflasjon og store fall i levestandard. Ambulansebilar køyrde pirattaxi og statsoverhovudet sine regulære fylleturnear blei kringkasta verda rundt. Det som for mange hadde vore ei kjelde til stoltheit blei trakka ned i søla.

Sovjetmenneske
– Bandittar og tjuvar, nærast freser Galina Ignatevna, og ramsar med tydeleg avsky opp namna på ei rekke russiske politikarar frå 80- og 90-talet. Anatolij Sobtsjak, Mikhail Gorbatsjov, Anatolij Tjubajs, Boris Jeltsin, Stanislau Sjuskejevitsj. Ho snakkar raskt, men klart og tydeleg, og likar ikkje å bli avbrutt. Ho har mykje på hjartet.

– Beklagar at eg snakkar så rett fram, men eg hatar dei som la Sovjetunionen ut på billegsal, som forrådte og ruinerte moderlandet. Dei demonterte Sovjetunionen. Kven gav dei rett til det, spør den eldre dama retorisk.

Ho og nokre titals andre har møtt opp denne fredags formiddagen for å markere bursdagen til Vladimir Iljitsj Lenin ved Smolnyj-instituttet, bygninga som i dag husar byadministrasjonen i St. Petersburg. Framfor Lenin-monumentet, som framleis prangar plassen utanfor bygninga der mannen sjølv leia Bolsjevikpartiet i åra etter 1917, har folk samla seg for å heidre minnet etter revolusjonshelten og grunnleggaren av Sovjetunionen. Kjenslene er sterke når folk ser tilbake på Sovjettida.

– Lenin erklærte «verda til folket, jorda til bøndene, fabrikkane til arbeidarane». Men kven er det som eig jorda eg bur på no?

Galina Ignatevna tek ei pause og sukkar, før ho held fram.

– Eg er ein fattig pensjonist. 31. desember hadde eg bursdag. Eg hadde ein potet på bordet, ein brødbit og eit glas vatn. Eg drakk opp vatnet mitt medan eg lytta til nyttårhelsingane frå presidenten som eg ikkje ein gong skal nemne namnet til. Så gjekk eg og la meg. Slik feira eg bursdag og slik gjekk eg inn i det nye året. Kva for slags måte er det å leve for eit menneske, spør Ignatevna, nesten på gråten idet ho legg fram spørsmålet.

Etter eige utsegn er ho eit døme på korleis politiske endringar har påverknad på vanlege folk. Det er vanskeleg å tenkje på internasjonal storpolitikk og på det Ronald Reagan kalte «the evil empire» når ein høyrer på desse menneska. Det er ein del av historia ein les om i bøkene, fortalt gjennom menneske.

Ifølge Alexandr Kontarjov handlar draumen om sosialismen først og fremst om rettferd.

– Det finst ikkje rettferd i samfunnet når ein har haugevis av milliardærar samtidig som resten av befolkninga har det elendig og når det finst heimlause born i hopetal. Det er ikkje greitt. Det at ein må betale for utdanning, for helsetenester – det er ei skam. Dei som er fødde inn i mindre velstilte familiar har ingen sjansar, meiner han.

Myta om ei betre fortid
Kommunismen framstår enno som ein leiande politisk ideologi for ein betydeleg del russarar. Med tolv prosent av stemmene ved førre parlamentsval er Den russiske føderasjons kommunistparti (KPRF) det nest største politiske partiet i landet og ved presidentvalet i 2008 fekk kandidaten deira, Gennadij Zjuganov, 18 prosent av stemmene. Så seint som i 2006 synte ei større undersøking, gjennomført av det russiske analysebyrået VCIOM, at 66 prosent av alle russarar beklagar Sovjetunionens kollaps.

– Det er naturleg for menneskesinnet å selektivt hugse gode ting. Difor hugsar folk helst det som var bra med Sovjetunionen – stabiliteten, tryggleiken og at ein hadde sosial likskap, fortel Andrej Pavlov, professor i statsvitenskap ved Statsuniversitetet i St. Petersburg.

Han meiner at ei viktig forklaring på sovjetnostalgien i dag ligg i måten dei liberale reformane blei gjennomført på 90-talet. Både eit politisk og eit økonomisk system skulle teiknast opp på nytt og ein enorm del statleg produksjon, eigedom og verdiar endte opp i hendene til ei lita gruppe privatpersonar, dei såkalla oligarkane . Eit populært ordspel frå denne tida går ut på å erstatte det russiske ordet for privatisering, privatizatsija med prikhvatizatsija – «ta-det-du-kan»- isering.

– Mykje av mytologien omkring Sovjetunionen oppstod meir eller mindre som eit direkte resultat av dette kaoset. Vi har fått ein slags myte om ei betre fortid. Der finst mange frå min generasjon og enda yngre, som framleis er overtydde om at Sovjetunionen er ein god modell å følgje. Særleg viktig er den internasjonale statusen og påverknadskrafta som Sovjetunionen hadde, held professoren fram.

Ung nostalgi
Men nostalgien er på ingen måte begrensa til eldre folk som Galina Ignatevna og Aleksandr Kontarjov. I jungelen av politiske ungdomsgrupperingar står biletet av ei stor fortid sterkt, sjølv om knapt nokon av medlemmene er gamle nok til å ha minner frå Sovjetunionen.

– Unge er klare over at den sovjetiske epoken var ei tid der Sovjetunionen sendte menneske ut i verdsrommet, der Sovjetunionen vann andre verdskrig, der ein bygde gigantiske fabrikkar, jernbanar og produserte i stor skala, fortel Kiril Vasiljev. Han er medlem av KPRF og leiar for Føderasjonen for Sosialistisk Ungdom, ein laus union av venstreorienterte ungdomsgrupper i St. Petersburg.

– Det handlar om respekt for denne perioden. På mange måtar er det meir eit slags patriotisk enn eit sosialistisk motiv, forklarar han.

28 år gammal representerer han den yngre garde blant dagens russiske kommunistar. Av sovjettida hugsar han knapt noko som helst, men krisetilstandane på 90-talet merka også han. Det var for han, som for mange andre unge, ein oppvekst i ruinane av noko stort og myteomspunne.

– Eg vaks opp i ein kritisk periode og hugsar godt nok korleis øydelegginga av Sovjetunionen foregjekk med dei liberale reformane på nittitalet. Det var ei atmosfære prega av kollektiv fattigdom, arbeidsløyse, fullstendig mangel på sosiale garantiar og vanvittig prisvekst. Det var eit psykologisk traume som slo heile den tidlegare sovjetiske befolkninga, seier Vasiljev.

Pyotr Baranov jobbar som journalist for partiavisa til KPRF og er ein aktiv politisk kommentator og debattant. Han understrekar at det for unge ikkje berre handlar om naiv romantisering av ei uopplevd fortid, men om kommunisme som eit reelt alternativ til eit styresett dei meiner ikkje fungerer i dag. Han er 28 år gammal og etter eige utsegn ein «born again»-kommunist.

– Eg trudde sjølv på Putin på tidleg 2000-tal. Når han kom inn i biletet tenkte ein at her var det endeleg ein som kunne ta grep og halde styr på oligarkane og nasjonalisere industrien, fortel Baranov.

Det gjekk likevel ikkje lenge før han mista trua på Foreinte Russland og Vladimir Putin.

– Det viste seg veldig raskt at det meste berre var prat og spel på patos. Talet på dollarmillionærar har auka under Putin. Nivået på sosial ulikskap har auka. Det har ikkje vore eitt steg i riktig retning.

Vasiljev er einig. Han erkjenner at Sovjetfortida på ingen måte var perfekt, men at den likevel utgjer ein god modell og kan bidra med erfaringar ein i dag ikkje har råd til å oversjå.

– Vi ønskjer eigentleg ikkje å gå tilbake til Sovjetunionen. Vi erkjenner berre at det sosialistiske eksperimentet som eksisterte i Sovjetunionen i 70 år gav eit samfunn som garanterte folk arbeid og ein levestandard som eit kapitalistisk system ikkje klarar å gi.

Politisk sovjetflørting
Eit påfallande element ved sovjetnostalgien er ifølgje professor Andrej Pavlov kor breitt den er fordelt over det politiske spektrumet. I Russland er det ikkje berre kommunistiske og venstreorienterte rørsler som har monopol på Sovjetfortida – den blir hevda og brukt for det den er verdt av alle som kan få noko igjen for det.

– Det finst så mange grupperingar som vektlegg veldig ulike ting ved Sovjetunionen. Ein har høgreekstremistiske og nasjonalistiske grupperingar som understrekar stordommen og militærmakta til Sovjetunionen, og så har du venstreorienterte rørsler som fokuserer på det sosiale systemet og likskapsprinsippa. Dei plukkar ting frå fortida og plasserer det inn i deira eigne ideologiske rammer, fortel professoren.

Statsminister og tidlegare president Vladimir Putin har sjølv uttalt at Sovjetunionens fall var «den største geopolitiske katastrofen i det forrige århundre» og partiet hans, Foreinte Russland, som i dag er i regjering, er ikkje noko unntak frå den politiske fortidsflørtinga.

Ungdomsorganisasjonen som blir kraftigast assosiert med partiet blir av fleire samanlikna med det sovjetiske kommunistpartiet sin Komsomol-organisasjon og sjølv presidenten og statsministeren trår varsamt når dei gir karakteristikkar av tida under Stalin, ein skikkelse som nyt ikkje ubetydeleg respekt blant russarar flest.

– Foreinte Russland utnyttar ein del moment i sovjetnostalgien hos folk; stordommen til Sovjet, rolla ein hadde i verdssamfunnet, makta og påverknadskrafta, held Pavlov fram.

Sjølv om Sovjetmytoset står sterkt i bevisstheita til mange russarar er ein retur til Sovjet-sosialismen utenkjeleg, ifølge Pavlov.

– Det finst mange slike rørsler, men dei er alle veldig fragmenterte. Saman kunne dei moglegens utretta noko, men dei manglar ei felles plattform. Det einaste eg kan sjå for meg som ein foreinande faktor er ein anti-regime posisjon, men det ville nødvendigvis berre vere midlertidig.

Det nye Russland
Ilja Kavinskij arbeidde for Det russiske finanstilsynet ved sida av studiane og etterpå for revisjonsselskapet KPMG, før han endte opp der han er i dag i ein russisk investeringsbank. Eller – «endte opp» er vel knapt ei passande formulering for ein 25 år gamal framadstormande karrierist med spesialfelt forretningsjus. Han snakkar ikkje perfekt engelsk, men det er ikkje så altfor langt unna. At den Ilja eg møter aldri kunne eksistert i Sovjetunionen er han sjølv fullstendig klar over. Likevel er han ikkje utelukkande negativ til fortida.

– Vi hadde eit fantastisk utdanningssystem, vi hadde mindre kriminalitet, vi hadde eit helsetilbod som var for alle. Om du var pensjonist visste du at du kunne leve på det du fekk. I dag kan besteforeldra våre knapt tenkje på anna enn korleis dei skal overleve, for det er umogleg å leve på det dei får i pensjon, seier han, og held fram at sjølv om han personleg har større moglegheiter i dag er det ikkje nødvendigvis slik for alle.

– Dei som kjem frå større byar som Moskva og St. Petersburg har nok betre utsikter i dag enn under Sovjettida, men for folk frå mindre stader i Russland trur eg ting i dag er enda meir begrensa. Den gongen var moglegheitene meir likt fordelt mellom folk. Du kunne reise kor som helst i landet og likevel vite at levestandarden ville vere den same.

Om han fekk valet mellom å bu i Sovjetunionen og Den russiske føderasjonen ville valet likevel ha vore enkelt for han.

– Eg ville valt dagens Russland fordi moglegheitene er fleire i dag for meg personleg. Grensene er opnare, vi har internasjonal business i Russland, vi har religiøs fridom og vi kan velge kva vi vil sjå på og kva vi vil lese. Under Sovjetunionen kunne eg til dømes ikkje ha gitt deg dette intervjuet.

Om framtida vil han ikkje spå for mykje, bortsett fra at det vil bli vanskeleg. Ifølge 25-åringen ligg utfordringane i for lite langsiktigheit og for mange mellombelse løysingar.

– Vi veit ikkje eingong korleis ting vil vere om to eller tre år. Problemet i Russland i dag er at vi lever nettopp berre for i dag. Vi tenkjer ikkje nok på korleis vi skal leve om 20 år. Eg veit berre at vi vil få mange utfordringar. Men å returnere til ein slags ny Sovjetunion er umogleg. Det vil vere som å prøve å gjere nokon til ei jomfru igjen. Eg trur ikkje sosialisme er svaret på problema, seier Kavinskij.

Store utfordringar
Nostalgi er ein ting. Nostalgisk kan ein vere med forbehald. Men for mange i dag er sosialismen også eit konkret svar og ei løysing for mange av dei som meiner landet er på veg i feil retning. For enkelte er det den einaste vegen.

– Eg trur reint objektivt sett at det er den einaste sjansen Russland har. Eg trur at om det ikkje skjer noko fundamentalt i dagens politiske landskap vil ikkje Russland eksistere om 20 år, seier Pjotr Baranov. Denne unge kommunisten er ingen optimist.

– Dei som er optimistiske er dei som veit lite, tenkjer lite og leser lite. Dei er optimistiske, slår han fast.

I dag er Russland for ein stor del ein råvarebasert økonomi, og sjølv om landet har hatt ein årleg økonomisk vekst på om lag sju prosent fram til finanskrisa, utgjer råvarer som olje og gass over 80 prosent av all eksport. Utbygginga av infrastruktur og kommunikasjonsteknologi heng ifølgje kritikarane langt bak, etter tiår med forsømming sidan Sovjettida.

– Vi har eit enormt behov for økonomisk og industriell modernisering, utvikling av transport, infrastruktur og nye system for offentlege tenester. Anten klarar vi å modernisere oss eller så får vi fleire kriser og ei gjentaking av situasjonen vi hadde på 90-talet, seier Kiril Vasiljev.

Han fortel med innleving og engasjement om korleis det berre er venstresida som er klare for oppgåva, og at ei politisk endring før eller seinare vil presse seg fram av rein og skjær nødvendigheit. Ifølge ungdomspolitikaren er dagens regime ustabilt fordi populariteten til Putin og Foreinte Russland dei siste åra er basert utelukkande på høge råvareprisar, ein luksus som dei ikkje er garantert i framtida.

– Det er på dette landet baserer veksten sin. Viss prisane endrar seg kan det lett føre til krisetilstandar for den russiske økonomien. Så lenge vi ikkje får ein skikkeleg overgang til postindustriell teknologibruk, kjem vi til å henge etter, seier han.

Forbeholden optimisme
På bursdagmarkeringa ved Smolnyj har folk halde talar, lese dikt og lagt ned roser framfor Lenin-monumentet. Ein av dei som har snakka for forsamlinga er Vladimir Dmitrijev, heiltidspolitikar for KPRF og representant i den lovgivande forsamlinga i St. Petersburg. Etter å ha rost den norske politiske modellen opp i skyene fortel han om mangelen på visjonar i russisk politikk.

– Det bør vere klart for alle i dag at tankane som blir tenkt på politisk nivå, og måten landet blir styrt på ikkje samsvarar med behova landet har. Dagens politikarar er altfor trangsynte og lite visjonære. Det var ei tid då Sovjetunionen var mykje større enn dagens Russland, men dåtidas leiarar løyste likevel alle problem, nærast erklærer han, som lese frå ei historiebok.

Mellom dei oppmøtte ved Smolnyj er fokuset i dag på Lenin og på minnet om fortida. Folk fortel engasjert om moglegheitene dei hadde før og begrensingane dei i praksis blir pålagde i dag; om korleis kapitalistisk fridom berre er fridom i teorien og for dei få; fridom frå, ikkje fridom til. Om ein ny sosialisme i Russland er realistisk er kanskje ikkje alle overtydde om, men at ein bør jobbe for det tvilar dei ikkje på.

– Vi må kjempe for det. Det er som ein kamp mellom vondt og godt og vi må kjempe mot det vonde, forklarar Anatolij Mikhailovitsj som om det skulle vere den mest logiske ting i verda, og får støtte frå Aleksandr Kontarjov.

– Vi må nærme oss makta slik ein til dømes har sett i Egypt og Tunisia. Folk må sjølve ta initiativ. Det kjem til å skje, utan tvil, seier Kontarjov.

Optimismen til Galina Ignatevna synes sløra av eit eller anna, som om ho ikkje sjølv er heilt overbevist når ho seier at sosialismen vil returnere til Russland. Ho seier det i alle fall, og ein får nesten lyst til å tru på ho. Den eldre dama verkar sliten, men ho held ut. Det er ein slags kald gnist i dei gamle augene, som om det er misnøya som driv ho.

– Det kjem definitivt til å skje. Folk må berre sjå at det trengs, og organisere seg. Eg er for framtida.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

SOVJETUNIONEN
* Union av sovjetrepublikkar, formelt erklært i 1922 og tufta på ein sosialistisk grunnlov.
* Gjennom ein periode på omlag 70 år bestod unionen av, på det meste, 15 republikkar som omfatta nesten 300 million innbyggarar frå Sentral-Europa, via Sentral-Asia til det fjerne austen.
* Den politiske organiseringa var opprinneleg tufta på prinsippet med såkalla sovjetar – arbeidarråd som kommuniserte og utøvde viljen til folket oppover i systemet. Sovjetunionen var likevel ein de facto eittpartistat, der det sovjetiske kommunistpartiet kontrollerte alle politiske strukturar.

RUSSLAND ETTER SOVJETUNIONEN
* 90-talet var prega av krangling mellom politiske partar, økonomisk depresjon, to krigar i Tsjetsjenia og tryggleikspolitisk ustabilitet.
* Marknadsøkonomien sitt inntog i det gamle Sovjet, med privatisering, slutt på prisreguleringar og statlege subsidiar, var ei enorm omstilling frå ein sterkt sentralisert planøkonomi. Konsekvensen blei arbeidsløyse, inflasjon og negativ vekst.
* Vladimir Putin og Foreinte Russland kom seglande på ei bølgje av misnøye, terrortrugsmål og høge oljeprisar, og har vore i regjering og det største partiet i Dumaen (det russiske parlamentet) sidan årtusenskiftet.
* Ved parlamentsvalet i 2007 fekk partiet Foreinte Russland 64 prosent av stemmene, fulgt av Den russiske føderasjons kommunistparti (12 prosent), dei konservativ-nasjonalistiske liberal-demokratane (8 prosent), venstresosialistiske Eit rettferdig Russland (8 prosent) og eit vell av mindre parti.
Kjelder: BBC, Den russiske føderasjons valkomité, Soviethistory.org