Utfordrar deg til å gå hundre dagar utan sukker

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utfordrar deg til å gå utan sukker

Godt nytt år! Desember har bydd på mykje goder, og det har nok blitt ein del søtsaker på oss alle. No som juletida er over og det nye året har meldt sin ankomst – kva med å gje kroppen ein frisk start på 2016?

Det å unngå sukker er ein fin måte å rense kroppen på, og det vil medføre at du går inn i det nye året med meir energi, økt velvære, stabilt humør, betre treningsresultat og også ofte vektnedgang. Difor tenkte eg å kome med ei utfordring i starten av året:

Klarar me å gjennomføre 100 sukkerfrie dagar saman?

Sjølv starta eg opp 1. januar, men det er sjølvsagt lov å slenge seg med på utfordringa i dag. Fram til den 9. april skal me halde oss unna unødvendig, kvitt sukker (fruktsukker og liknande er ok), og me skal sørge for å gje kroppen vår ein best mogleg start på det nye året!

Kva seier du – er du med meg? 

Den som ønsker kan delta på facebook-utfordringa her, og på instagram kan du dele bilete med oss under hashtag #portenchallenge. No er me i gang! ☺

Les saka i Porten!