Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å skriva akademiske oppgåver, anten det er kortare semesteroppgåver eller større arbeid som bachelor- eller masteroppgåver, er noko av det mest krevjande med å ta høgare utdanning. Her er åtte konkrete tips som kan hjelpa deg i skrivearbeidet.

Tipsa tar utgangspunkt i at du har ei problemstilling, eller i alle fall veit sånn omtrent kva du skal skriva om. Spørsmålet er korleis du skal få det gjort, på ein god og effektiv måte.

I tillegg til eiga erfaring og råd eg har plukka opp gjennom eit langt studieliv, er lista inspirert av boka Akademisk skriving av Simen Andersen Øyen og Birger Solheim.

 

1. Set i gang og skriv.

Giphy.com

Seriøst, berre kom i gang. Ikkje tenk at du skal utsetja skrivinga til du har ein detaljert plan for oppgåva, eller til du har lese all litteraturen. Viss du først får nokre ord ned på papiret, blir det lettare å få det andre på plass også.

Viss du ikkje veit kor du skal byrja, kan du gi deg sjølv denne utfordringa: Set på stoppeklokka på fem minutt, og skriv heilt ukritisk alt du kjem på om temaet ditt. Du får ikkje ein god tekst på den måten, men du får kanskje ei setning eller to som du kan byggja vidare på.

 

2. Følg ein disposisjon.

Giphy.com

Lag ein plan for kva som skal vera med i oppgåva, slik at du alltid veit kor du er og kor du skal medan du skriv. Då blir det lettare å unngå lause trådar eller at du skriv deg ut på eit sidespor. Det blir også lettare å halda seg til prinsippet om å gjera éin ting om gongen: drøft når du drøftar, analyser når du analyserer, konkluder når du konkluderer.

Å følgja ein disposisjon gjer at du kan nytta metakommunikasjon, som er eit viktig kjenneteikn ved akademiske tekstar. Det vil seia at ein skriv om kva ein skriv om: «Til no i oppgåva har eg gått gjennom tidlegare forsking på feltet; i det følgjande vil eg leggja fram resultata frå mi eiga undersøking, før eg drøftar funna i lys av problemstillinga.»

Her er ei øving: Prøv å skriva eit samandrag av heile oppgåva di på éi dobbel A4-side, med berre overskrifter og kulepunkt. Då får du eit praktisk «vegkart» du kan følgja når du skriv oppgåva.

 

3. Ha problemstillinga i bakhovudet medan du skriv.

Giphy.com

Du har lært at du bør ha ei problemstilling. No er trikset å bruka problemstillinga aktivt i arbeidet. Problemstillinga er det oppgåva skal gi svar på, og viss du har denne i tankane undervegs, blir det lettare å halda ein tydeleg tråd gjennom oppgåva.

Spør deg sjølv: Korleis bidrar det eg skriv no, til å svara på problemstillinga? Det gjer det lettare å unngå utanomsnakk og å halda fokus på det mest vesentlege.

Vis gjerne eksplisitt tilbake til problemstillinga undervegs: «Dette er relevant for mi oppgåve fordi…» Då blir det lett for lesaren å følgja tankerekka.

 

4. Les strategisk.

Giphy.com

Når du les til eksamen, er poenget gjerne å få med seg mest mogleg av pensum, sidan du ikkje veit kva du får spørsmål om. Når du les litteratur du treng til ei oppgåve, kan du lesa meir selektivt og strategisk. Ha problemstillinga di i bakhovudet her også: Skum gjennom teksten og finn fram til dei dataa, definisjonane eller drøftingane du treng til oppgåva di.

Dette er også ein grunn til at du ikkje bør venta med å byrja å skriva til du har lese all litteraturen: Når du først har kome i gang med skrivinga, veit du truleg betre kva du treng av litteraturen.

 

5. Bruk kjeldene aktivt.

Giphy.com

Å visa til kjelder for det ein påstår, anten ved direkte sitat, indirekte sitat eller som belegg, er eit viktig kjenneteikn ved akademiske tekstar. Lær deg dei ulike måtane å referera på, og bruk dei aktivt; ei nettside som Søk og skriv har gode tips her.

I «aktivt» ligg det ikkje berre at du skal referera ofte, men at du skal gjera det med ein tanke. Kunsten er å ikkje berre ramsa opp alt ein har funne av data og litteratur, men å gå i dialog med kjeldene. Forklar korleis du forstår sitatet eller dataa du viser til, og korleis dei er relevante for di oppgåve.

Om du har mange kjelder, er det forresten lurt å halda styr på dei med eit program som EndNote. Det tar litt tid å læra seg, men i byte får du mykje hjelp i form av automatiske referansar og litteraturlister.

 

6. Revider flittig.

Giphy.com

Dei som skriv gode akademiske tekstar er ofte dei som har tolmod til å gå gjennom mange utkast. Det kan vera lurt å revidera på eitt nivå om gongen: Først på makronivå (kva delar som skal vera med i oppgåva og i kva rekkefølgje), så på mesonivå (korleis avsnitta heng saman), til slutt på mikronivå (rettskriving, ordval og setningar).

Eit tips når du skal revidera er å lesa teksten høgt for deg sjølv (eller for andre). Då kan det vera lettare å leggja merke til tunge og krunglete setningar. Viss noko høyrest feil ut: Kjenn etter korleis du ville ha forklart det munnleg til ein medstudent. Då får du ofte ei betre setning.

 

7. Få tilbakemelding.

Giphy.com

Bruk gjerne medstudentar, vener og familie i tillegg til rettleiar og andre fagpersonar. Dei vil til dømes kunna sjå om det er tankerekker eller samanhengar som finst i ditt hovud, men som enno ikkje er gjort synlege på papiret.

Eit tips når du skal be om tilbakemelding er å stilla spørsmål på førehand: Er det nokon omgrep som ikkje blir forklart godt nok? Er det nokon avsnitt som kan kuttast? Er det klart kva eg prøver å svara på i oppgåva? Då betrar du sjansane for å få meir konstruktive tilbakemeldingar enn «Dette var bra» eller «Dette var vanskeleg».

 

8. Set i gang og skriv (igjen).

Giphy.com

Lukke til!