Mette Karlsvik
Publisert
Oppdatert 16.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg pussar servantar, bonar golv, og gjer leilegheita klar for visning. Vaskar alt av tre i grønsåpe, sørgjer for at alt luktar friskt, og at det som er blankt, skinner. Så toppar eg det heile med å bake bollar, med å smøre kjøkkenet inn i lukta av kos og heim, og sett så fram, i korger og fat, til dei som skal komme på visning. Ingen kjem til visning. Det er den tredje visninga som er arrangert, for bustaden min. Og ingen kjem. Eg blir stressa. Frykta blir komplisert. Utsikta til økonomiske problem. At kjærasten min dumpar meg fordi eg ikkje fiksar livet mitt. Eg liker meg sjølv lite, akkurat no. Og tar meg ein bolle, som dei seier på bollebutikken på Storosenteret. Eg tar meg enno ein bolle. Lunka kveitebolle med brunost. Bolle og jordbærsyltetøy. Bolle, bolle, eg blir roa av å tygge. Men så må eg slutte å tygge. Eg kan ikkje lenger svelge. Magen er full. Eg legg meg på sofaen, er immobil og ulykkeleg. Eg kjenner meg brutal og enkel. Måtte eg verkeleg stresspise, for å finne fram datamaskina, og finne omgrep for det som skjedde. Ja, kanskje måtte eg det.

Kva om eg rekte etter datamaskina før stressetinga. Kva om eg straks leita etter språket for stress. Kva om eg straks fann grep på uroa, i staden for å tygge meg roleg. Eg er roleg no, her eg sit og skriv. Skreiv eg om noko anna, hadde eg glømt bollane. Men bollane er ikkje poenget. Poenget er at eitkvart fekk tankane i gong. Kva det enn var; om det var bollar, tv-serie, ein telefon til kusina mi, eller å dundre sprettballen min i asfalten i bakgarden vår i nokre minutt. Noko fekk meg til å tenkje.

Eg verbaliserte jo kjenslene – til slutt. Det er eg eigentleg ganske stolt av. Men så har eg hatt 35 år på meg til å prøve og feile. Korleis er det med dei yngre. Har dei nokon å snakke med, når dei er redde. Veit det at det gjeld å snakke med nokon når dei er redde. Om ikkje det er ein person der, så til dagboka, tekstmanus. Eg mistenker at svaret er “både ja og nei”. At det er store forskjellar, alt etter kor du bur i landet, om du bur på landet eller i byen, og på kva side av byen du bur i, når du bur i by.

Men heldigvis har ein i dag internett. Vi kan fortelje ting til kvarandre på tvers av geografiske og sosioøkonomiske grensar. Og når det er sagt: Eg er av dei heldige. Eg har ei kusine her i byen.

Bolleblodsukkeret får meg på beina. Vel ringte eg ikkje kusina Anja, før stressetinga. Men no; styrka, småsint, mobilisert av matkraft, kjem eg meg opp og ut, til trikken, til kusina mi. Ho opnar døra og gir meg ein stor, god klem. Frå bak henne kjem den søte lukta av sjokoladekake. Anjas spesial. Skikkeleg mørk og god kake. Eg har bakt, seier ho.Vil du ha, seier ho. Eg har ikkje så veldig lyst på. Tilgje meg, seier eg. Det er greitt, seier Anja, og gir meg heller eit pledd, ein klem, roken i sofaen sin. Eg lettar hjartet mitt. Sånn skikkeleg. Ikkje så mykje om visning og bustadsal. Meir om kva dette eigentleg er; Kvifor løyser eg uroa med mat. Vi finn ikkje svara. Men etterpå kjenner eg meg mindre aleine. Eg sovnar, på ryggen, på sofaen. Dagen etterpå kjenner eg meg heilt fin. Må ha både frukost og lunsj, og klarer arbeidet mitt godt. Det kan nesten vere det same med alt anna. Helsa held. Eg heier på dei enkle gledene.