«Tekst med poet»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Har du sett Henning? Eg trur kanskje ikkje du har sett han. Henning lever som diktar. Diktarar er ikkje så synlege. Mange gøymer seg som nattevakter på sjukeheimar rundt om i landet, eller i andre brødjobbar som matar poesien. Bøkene deira er gøymt innst i bokhandelen, eller stua i kasser under trappa på biblioteka eller på sjappa.

Henning er likevel ein av dei som du kan ha sett. Når Henning lanserer ei ny bok, kler han seg ut i bie-kostyme eller som ugle, og inviterer til seremoni på Terminus Hotell i Bergen. Maskekledte kollegaer av han bær rundt på Henning. Han deler sjølv bilda av seremoniane, og frå poesifester som Henning lagar for andre. Dei heiter Poesidigg. Poesi er digg, og poetar like så, synest Henning, og er aktiv i sosiale medier. Han legg ut dobbeltbilde. Eitt bilde av ein stad, der han er i bildet.  I det neste bildet er han ikkje i bildet. «Kva var verda utan poeten?» spør Henning. Eitt av bilda er av Tom Egelands raude Ferrari. Eitt bilde med Henning i bildet, eitt av berre bilen. Kva var bilen utan ein poet i passasjersetet?

Dagbladet har også eit bilde av Toms Ferrari. Det var før Tom lærte at avisene bruker bilde ute av kontekst, når dei vil. Om dei vil skape eit bilde av forfattarar som styrtrike, til dømes.

Sanninga er at Tom brukte «alt» på å realisere gutedraumen om Ferrari. Det er ein ting. Ein annan ting er at berre nokre få kunstnarar slår an i den kommersielle marknaden. Andre er avhengige av stipend for å gjennomføre prosjekta sine. Eg sitt i ein komité som får dele ut slike stipend. Vi har tildelingsmøter denne veka. Vi les tre-fire hundre søknadar, og får gi stipend til femten av prosjekta. Kvart og eitt på rundt 220 000 kroner.

Vurderingsmøta løftar meg opp. Prosjekta til søkjarane er kanonbra. Nesten berre nokre få er ikkje støtteverdige. La meg fortelje om nokre prosjekt frå føråra. Siren Elise Wilhelmsen, til dømes, som fekk arbeidsstipend for å utvikle ei strikkeklokke. Visarane strikker, og bruker eitt år på eit skjerf. Eller heile operaer, lysdesignen på musikkfestivalane som du går på, og ein eller annan gong, teikneseriens Knausgårds «Min kamp»: Ein fem – seks hundre sider lang teikna sjølvbiografi om livet, dauden, kreften, og så vidare.

Tildelingsrunden løftar meg også opp. Eg får gi eittårige arbeidsstipend til femten kunstnarar, femten draumeverk. Men tildelingsrunden slår meg også ned. Berre ein brøkdel av søkjarane får høvet til å gjennomføre dei fabelaktige prosjekta sine. Når alt kjem til alt, gir vi litt over tre millionar kroner. Litt meir enn eit gjennomsnittleg jobbseminar på Voksenåsen eller Soria Moria. Samstundes høyrer vi historier frå arbeidarar i departement som «må brenne av» millionar på eit eller anna på slutten av eit budsjettår, og tar eit seminar, nokre ekstra reiser, berre for å ha brukt opp dei millionane som står att. Nokre millionar er støv i forhold til budsjett i andre sektorar. Forsvarsbudsjettet er i  2016 på rundt 26 700 000 kroner. Og eit godt forsvar må vi ha, og passe på dette fantastiske landet vårt. Noko av det som gjer Noreg verdt å forsvare, er kulturen, dei fantastisk flinke musikarane, teikneserieskaparane, illustratørane, produktdesignarane, arkitektane, og så vidare. Vel skal vi forsvare alt dette. Å gi dei fleire stipend er også ein måte å ta vare på Noreg.