Mette Karlsvik
Publisert
Oppdatert 16.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tida flyr. Tida når cruisinghøgd, og krossar Atlanterhavet. Tida får klårsignal frå ein air trafic control officer i Washington DC om at tida er cleared for landing. Tida løftar flaps på vengane, bremsar i lufta, og senkar frå tretten tusen via fem tusen til berre meter over rullebana. Tid landar mjukt. Tid trillar fredeleg til gate.

Status i utvalde statar og stadar i USA, 2014: Arbeidstakarar samtykker, som ein del av arbeidsavtala si, å gi innloggingsinformasjonen sin frå Facebook. Arbeidsgjevar kan når som helst sjå bak arbeidstakarens facebook-maske. Han ser aktiviteten, og kan lese private facebookmeldingar. Hjarteleg velkommen til openheitssamfunnet, til det nye «demokratiet»:

Dave Eggers skriv om dette i den siste romanen sin. I The Circle skriv den amerikanske forfattaren, og forleggaren av McSweeneys forlag om presset på det private rommet. Han belyser det mørke internettet, og drar opp det vi fortreng. Mange fortrenger at vi faktisk blir fanga i nettet. At det er grunn til å vere skeptiske. At ein ikkje treng å vere klinisk paranoid sjølv om ein fryktar at personleg informasjon lekk ut når ein registrerer seg på tenester på internett. Ikkje berre er det slik. Ikkje berre sluttar ein å skjule overvakinga. I USA gjer dei ideologi ut av det. Openheit blir openisme. Å dele, blir delisme. Instagrammisme, facebookisme, youtubisme, you name it. Ifølgje Dave Eggers The Circle, blir den private personen sett på som ein tjuv. Det å dele er ein ikkje berre oppmoda til. Det å dele er ikkje berre oppmoda til. Det blir gjort til normalen. Det er grunn til å tru at dei som gjer «idealisme» ut av dette har økonomiske eller politiske interessar. Det er grunn til å tru at vi blir førde bak lyset, at det er ei mørk side av nettet. Eg fryktar å vakne opp når det har blitt lyst, og sjå at eg er lurt til å bli sjølveksponerande. At nokon tener pengar på å gjere meg til ein tulling.

For tidene har endra seg. Tidene klipper håret, tar på sine beste klede, og sminkar seg. Tidene speglar seg i refleksjonen av eit stille vatn. Tidene fortapar seg i refleksjonen av seg sjølv. Tidene glømmer seg sjølv. Dei glømmer tiåra tidlegare. Tiår tidlegare var barndommen min. På åttitalet gjaldt andre sosiale reglar. Det å ta bilde av seg sjølv var usosialt. Å ta bilde av dei andre var sosialt og jovialt. Å skryte av seg sjølv var usosialt. Å skryte av andre var sosialt. Ein kan kalle desse normene frå Nordmøres åttital sosiale. Ein kan også kalle dei sjølvutslettande. Ein kan hevde at vi blei førde bak lyset. At når vi kjem til den store verda, til ein plass som hadde fleire trekk av USA og marknadsøkonomiar, då slit vi. At vi står svakt i kampen for tilveret i konkurransesamfunnet. Eg trur ikkje at aversjonen mot sjølvbilde og sjølvdigging er berre lært. Det kjennest som eit urinstinkt. Eg har ei magekjensle om at det er feil. Men presset er stort. Kva vil tida vise? Vil tida vise fram sjølvbilde tatt av Mette Karlsvik? Vil tida vise facebooksida «Mette Karlsvik», laga av Mette Karlsvik, med invitasjon frå Mette Karlsvik om å «like» den? Ja, kanskje det. Tida går jo. Tida spring. Laura spring. Det kjennest berre veker sidan ho tok det første skrittet sitt. Snart tre år gamal, nesten tre år sidan venninna mi, Anniken rakk den vesle, varme kroppen ut. «Tante» Mette fekk låne spedbarnet no og då. Den varmesøkande, vesle Laura var ein kjærkommen bylt av total tillit. Vesle «tantebarn» Laura er eit einaste, ope hjarte. Ho er medisin mot all sjenanse, mot sosial klønethet og intimitetsangst. Men allereie spring ho rundt på sterke jentebein. Allereie har ho begynt å snakke. Seinare på kvelden, når vi kjem inn og sitt ved bordet, då seier ho med klår og kompromisslaus stemme: JEG BLIR SJENERT.

Men blir du sjenert? spør Anniken. JA, seier Laura: JEG BLIR SÅÅ sjenert. Kan jeg få is?

EG ER SJENERT, stemmer eg i.

Å, er du sjenert?

Ja, eg er sååå sjenert. Kan eg få lov til å sleppe å dele meir no?

(For dei som brukar Last.fm, kan de sjå at forfattaren skreiv dette mens ho lytta til lyden av det norske sosialdemokratiet, til Åge Alexandersens «Lys og varme», og til «Eldorado»: Kjære barn, du e framtida for mæ. (…) Men ka vil framtida gi dæ?)