Mette Karlsvik
Publisert
Oppdatert 16.11.2017 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg viser til tre telefonar til Postens saksbehandlarar, der to av dei medførte skriftlege klagesaker.

Eg har omadressert posten min frå Torshovgata til adresse i Skien.

Eg ikkje får den posten som eg skal ha.

Eg veit det også fordi kontaktar får post i retur.

Eg får ikkje rekningane som eg skal ha, men får purregebyr på ubetalte rekningar.

Eg mister arbeidsinntekt som frilansar.

Eg går glipp av oppdrag og andre tilbod.

Eg sluttar å skrive dikt.

Eg skriv klagar.

Eg purrar på Posten.

Eg purrar på redaktøren.

Eg purrar på festivalarrangøren.

Eg etterlyser honorar.

Eg etterlyser reisegodtgjering.

Eg etterlyser økonomisk tryggleik, og ei framtid.

Eg blir sjokkert når eg betalar One.Com utan å sjå at eg har sagt i frå.

Eg blir sjokkert når eg betalar Underskog utan å sjå at eg har sagt i frå.

Eg blir sjokkert over at Meny sel fisk som gjekk ut på dato i går.

Eg sørgjer over at andletet mitt hovnar opp, endrar seg, og ikkje ser ut til å bli bra att, etter eit skjønnheitsprodukt som eg kjøpte på Meny i vår, og

Eg tenkjer først at eg ikkje kan klage på skjønnheitsproduktet,

då det avslørar at eg kjøper skjønnheitsprodukt,

og at eg tenkjer på utsjånad.

Men no har det blitt nok.

Frå no av seier eg i frå.

Og skriv brev til Meny, Underskog, One.Com, festivalen, redaktøren.

Men kva kan eg kreve?

Eg skriv brev til forbrukarrådet i staten og spør om reklamasjonsrettar.

Eg får ikkje svar.

Eg får jo ikkje post.