Brukar moreld som forsvar

Janne Nerheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Lyset beskyttar dei eincella organismane frå fiendar som vil ete dei, seier Jenny Lindström ved institusjonen for biologi og miljøvitenskap i ei pressemelding. Ho er hovudforskaren bak studien, skriv Forskning.no.

Forsvarsmekanisme

Forskarane ved Göteborgs universitet har prøvd å finne ut kva som skjer når den eincella organismen lyser opp. Dei nytta ein type organisme som har namnet “dinoflagellater” i forskningsprosjektet. Ein dinoflagellat er altså ein type eincella organisme.

Så brukte dei ulike kjemiske stoff som desse organismane oppfattar som faretruande. Hoppekrepsen er den store fienden for dei fleste eincella mikroorganismane. Hoppekrepsen skil ut stoff, og når dinoflagellatene oppfattar stoffet, vil dei bruke eit blått lysglimt som forsvar mot å bli spist. Glimtet ser du berre i 0,1 sekund, men det er dette vi kallar «moreld».

Overraskelse

– Me trur at lyset overraskar hoppekrepsane eller vert nytta som eit signal om at dinoflagellatene er giftige, seier Jenny Lindström.

Ho meinar det også er mogeleg at lyset lokkar fram andre og større rovdyr som et opp hoppekrepsane.

– Ved å bruke ein slags luktesans så kan dinoflagellatene kjenne om det er hoppekreps i nærleiken. Viss det er det, lagar dei sterkare lys, fortel Erik Selander, forskar ved institutt for marinvitskap ved universitetet i Göteborg. Viss det ikkje er hoppekreps i nærleiken vil dinoflagellaten lyse svakare.

Denne studien er den fyrste som har vist korleis morelden nyttar lys på dette viset.

Denne artikkelen var fyrst på trykk i Framtida Junior.

Moreld

mor|eld m1 (norrønt mǫrueldr; kanskje samanheng  med II mare, jamfør òg moren) små lyspunkt som kan vise seg i havoverflata når sjøen er i rørsle, og som kjem av sjølvlysande plankton; òg: lys, glans i rotnande fisk og tre.