Klimakvot forsikringselskap!


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Nei, eg trur ikkje på det å ha bil når ein i by bur.

Nei, seier eg, til forsikringsselskapet som er lei av at syklane mine blir stolne.

Kjøp bil, og du skal få din løn frå oss, er bodskapen frå forsikringsselskap, som gir prosentvis uendeleg mykje betre avtale for forsikring av bil enn for sykkel. Men nei, eg kjøper ikkje bil, sjølv om det er enklare, sjølv om det no, etter ti sykkeltjuveri viser seg nesten billegare, så trur eg ikkje på det å ha bil av miljøgrunnar, og fordi det berre er ein måte å få betre kollektivtilbod på, som er å bruke det som allereie er.

Sjølv om sykkelen min no er stolen – igjen, sjølv om forsikringsselskapet i praksis ikkje forsikrar sykkelen, så går eg og kjøper ein ny sykkel.

Sykkelen er den nest viktigaste av alle eigendelane mine. Sykkelen kjenner avstanden til alle mine viktige møte. Han bruker alltid den same tida til dei viktige møte. Eg kjenner sykkelen min, og saman kan vi dette no; vi veit på minuttet når vi må rulle heimefrå for å rekke denne vekas møte i Rådhusgata:

Eg går frå bustaden 10.21, har låst opp sykkelen 10.23, og er, med eit gjennomsnitt av 4 raude lys og 4 grøne, i bakgården av Rådhusgata fem minutt før møte. På fem minutt trekk eg av meg sykkelkleda, knepper av meg sykkelhjelmen, og er klar til møte.

Ei veke seinare trekk eg igjen dressen over skjørtet. Går frå bustaden 10.21. I bakgården ser eg ikkje sykkelen min. Sykkelplassen min er eit tomrom, er svalt asfaltplass, ein sykkeltjuvs mørke samvit.

Eit minutts panikk. Kva er klokka, kva gjer eg no, møtet, det er eit viktig møte, kva tenkjer dei når eg blir sein?

Eit minutts sinne. Sykkeln min, denne gongen ein rosemålt ein, syklanes bunad, så fin han var, og no snart spraymålt av bandittane som sel han vidare for eit halvt heroinskot. 

Eit minutts håp. Hugsar eg feil, låste eg han ein annan plass, står han framleis utanfor REMA, kanskje? 

Vil ikkje miste håpet.

Insisterer på at sykkelen er her ein plass. Sjølv om eg veit vel at han ikkje er der, så går eg ned til REMA, og tar ein runde rundt kvartalet. Kvar gong ein sykkel blir stolen frå meg, så går eg slik i fleire dagar etterpå: Sirklar rundt i nabogatene frå der eg bur,

trur at eg skal finne sykkelen liggande fråsegslengt. Det har aldri skjedd. Sykkelen min er på en tilhenger eller i ein trailer på veg ut av landet. 80-90% av alle sykkeltjuverier i Noreg er vinningsbrotsverk. Det finnst dei som har sykkeltjuveri som hovudinntekstkjelde,

I følgje VG, blir det stjelt 150 syklar i Noreg kvar dag. I følgje sykkeltyveri.no, blir det stjelt ein sykkel kvart 10. minutt. Kvar fjerde av desse blir stjelt i Oslo. Sykkeltyveri.no skriv: Om du har vore utsett for sykkeltjuveri ein gong, er riskioen større for at du også får din neste sykkel stjelt. Om sykkelen din var låst med ein FG-godkjent sykkellås, bør neste sykkel vere låst med to FG-godkjende sykkellåsar. Du kan også vurdere låsbare skruar/ boltar, alltid ta sykkelen med deg inn eller bruke eit vrak av ein sykkel til/frå jobb, og berre bruke den fine offroadsykkelen din når du syklar i skogen.

Nokre har sykkeltjuveri som hovudinntekstkjelde. Dei jobbar fulltid med sykkeltjuveri, er proffe.

Sykkel er hovudtransportmiddelet mitt. Eg bruker sykkel kvar dag, fleire gongar om dagen. Å ha ein god sykkel er å vere ansvarleg.

Dei første syklane mine var lekre. Den første reindyrka terrengsykkel med grove hjul, god demping, skivebremar. Då den blei stjelt, gjekk eg opp stigen, anskaffa meg ein rasersykkel med tynne hjul som fanga fart fort; hjullagre som rulla og gjekk, bremser skarpe som skalpellar.

Ein periode vog låsen meir enn sjølve sykkelen. Den lette, enkle tida av karbonsykkelen Air MO20. Tida vara kort. Etterpå kjende eg meg som ein lort. Ein sykkeltjuv lukta seg fram til at han var karbon. Karbonrammer sel som hakka møkk på svartemarknaden. Sjølv om min var enkel, svart, ikkje noko pynt som avslørte at dette var ein spesiell sykkel. Sykkelen var tre gongar dyrare enn maksgrensa på erstatning frå forsikringsselskapet. Det var uklokt. Sykkelen som eg då kjøpte, var billegare enn låsen. Sykkelen var billegare enn eigenandelen min. Heller ikkje ved det tjuveriet fekk eg kostnaden min dekka av selskapet. Neste gong tok eg høgd for at sykkelen ville bli stjelt, ja, slik har det blitt i Torshovgata i Oslo: Ein kan rekne seg fram til eit prisnivå på sykkel som er bærekraftig. Fordi ein veit at sykkelen blir stjelt. Sjølv om han er låst bak ein tung port, endåtil innanfor hovuddøra. Sjølv den dyraste låsen lar seg sage over på 20 minutt, i følgje min kontakt i oslopolitiet.

Berre eitt har eg ikkje prøvd enno. Og det gjer eg no, som eit aller siste forsøk: Fælaste sykkelen på heile Torshov, han kjøper eg: Ein oransje-rosa sykkel som klussa på med bengalakk i gull. Lakken er på kross og tvers, i eit lynande og kjøpt mønster. Den stygge, stygge lakken kamflerer ein veldig god sykkel. Skivebremsar, dynamo på lyset, klokkekjapp mekanikk og gaffeldemparar som eg justerer frå ein knapp på styret.

Eg låser han i bakgården med to av dei dyraste låsane som finnst: Leddlåsar i massivt metall. Det skal ta tjue minutt å sage over ein. I løpet av tysdagsnatta har ein tjuv brukt førti minutt på å sage over begge.

Historia gjentek seg. Den første gongen som tragedie, den andre gongen som farse. Marx snakka om større tema enn sykkeltjuveri. Men på botnen handlar det om det same. Økonomi og krinslaup av kjøp og sal, produksjon og omsetning. Ufrivillig bidreg eg eg til ein industri.

Få deg bil. Det gjer alt så mykje enklare. Og billegare er det visst også. Eg mista kredibilitet hos forsikringsselskapet. Fordi eg nektar å bli enno ein av dei med personbil. Fordi eg insisterer på at det skal gå an å ha sykkel. Fordi eg ikkje vil la sykkeltjuvane vinne,

ikkje la dei ta frå meg fridomen til å ta dei vala som er rett for meg.

Eg synest at forsikringsselskapa bør støtte sykkelbrukarar, og legge forholda betre tilrette for å vere sykkelbrukar. Mindre eigenandel ved tap av sykkel, og ein større forståing over det faktum at syklar blir stolne. Forsikringsselskap som støttar syklistarbør få eit klimamerke.