Sjå video frå bokbadet med Einar Økland og Agnes Ravatn!
Janne Halderaker og Sondre Tranøy Handeland (video)
Janne Halderaker og Sondre Tranøy Handeland (video)

Agnes Ravatn er aktuell med boka Verda er ein skandale, der ho mellom anna fortel om å flytta frå Oslo til den vesle bygda Valevåg i nabohuset til forfattarkollega Einar Økland.

Under Falturiltu-festivalen blei dei begge bokbada av Geir Ersland i Stord Folkebibliotek og Bømlo Kulturhus.

Agnes er kjent for blant anna Fugletribunalet og som journalist for Dag og Tid. Ho er fødd og oppvaksen i Ølen. Verda er ein skandale handlar om hennar oppleving av å flytta til bygda etter femten år i byen. Boka tar òg for seg livet hennas med sjølvaste Einar Økland som venn og nabo. Økland er ein av dei største nynorske forfattarane. Han har publisert over femti bøker, mest kjende er kanskje verka Black & Decker og Vandreduene.

Få nyhendebrev med siste boknytt her!

Oppdatert: laurdag 11. november 2017 13.17

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE