Ved midnatt den 31. desember 1999 vil datamaskiner kollapse, fly falle ned frå himmelen, atomkraftverka gå opp i lufta og brødristarane kremere nærmaste loffskive.

Framtida
Publisert
Oppdatert 13.11.2017 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jeg gleder meg til år 2000

Når jeg tenker på hvordan det kommer til å bli

Med masse dop og mange men’sker

Og et flashete fyrverkeri

Det blir sikkert et jævlig kjør

Håper at jeg aldri dør.

Michael Krohn

 

Teksten er henta frå slutten av det sorglause syttitalet, frå ein snål pønkemelodi full av milleniumsoptimisme, faktisk formidla med barnekor og det heile av Oslo-gruppa Kjøtt.

Men den oppturen Krohn & Co låg for blanke dagen den gong, har bare få dagar før tusenårskiftet, fortapt seg fullstendig og blitt erstatta med den tyngste depresjon og den mest fullendte melankoli vi har sett.

Sidan pønkens glansdagar har vi blitt tilført ny og vesentlig innsikt i kva tusenårsskiftet eigentlig kjem til å bety for kvar av oss.

Sjølvsagt kan det verke usannsynlig at midnatt i seg sjølv kan ha så fatale konsekvensar for menneskeslekta. Dei fleste av oss har vel opplevd midnatt på nært hald fleire gongar utan å ta direkte skade av fenomenet.

Jo, så langt har det stort sett gått heilt greitt. Ein sit liksom ikkje med klokka i handa, tel ned og ventar på The Big Bang. Du ser ikkje midnatt komme mot deg, som eit løpsk tog, eller som ein bremselaus Sandra Bullock-buss, eller som Team Klemetsen utan gitar.

Midnatt er trass alt ein menneskeskapt sak som folk før om åra ikkje har hatt grunn til å problematisere i det vide og det breie. No er det meste annleis. No skal vi gå frå 1999 til 2000, og det er all grunn til å grue seg. Sjølv statsministeren er ute og åtvårar mot den skumle situasjonen i ei brosjyre kalt ”Informasjon i samband med overgangen til eit nytt tusenår.”

Han har til og med sett sine to beste menn som millenniumsvaktar i regjeringsbygget; perlevenene Sponheim og Dørum.

Kanskje er det min y2K-empati som sviktar, men så langt har eg ikkje heilt forstått omfanget av desse problema. Og eg forstår i alle fall ingenting av at ingen ser ut til å ha tatt lærdom av historia i denne saka.

Alvorlig: Det er ikkje første gong menneska rundar eit tusenår. Ja, eg vil ikkje nokon måte gjøre det til noko dagligdags eller legge ein dempar på festen, men forskarane hevdar trass alt at jorda er 4,6 milliardar år gammal.

Då kan det ikkje komme som ei bombe på nokon med endå eit tusenår. Ja, dei som har greie på dette, meiner at mennesket er minst 300.000 år gammalt, noko som betyr at vi trass alt har opplevd minst 300 årtusenskift.

Kanskje er eg ikkje heilt oppdatert, men så langt har eg ikkje fått med meg at noko som helst har gått skeis med nokre av dei tidligare 300 tusenårskifta vi har vore gjennom.

Og når det har gått greitt 300 gongar, kvifor skal det gå fullstendig ad undas ved skifte nummer 301?

Samstundes er eg forundra over at sentrale styresmakter ikkje har gjort meir for å evaluere dei tusenårskifta som vi no har bak oss. Her er det gjort drøssevis av erfaringar som ressurspersonar må kunne gjøre seg nytte av i dag.

Ta til dømes vikingane. Kva gjorde vikingane då dei gikk frå år 999 til år 1000? Var til dømes stridsøksene deira år 1000-kompatible? Var det plyndringstokt som slo feil på grunn av milleniumsproblematikken?

Og ein kan gå endå lenger tilbake. Når til dømes Jeriko nærma seg nyårskvelden år 8000 før Kristus, så vil det vere naturlig å tru at store delar av byen var opptatt av problemstillinga: kjem murane til å halde?

Med omsyn til milleniumsproblematikken kan det slett ikkje ha vore enklare for folk i Jeriko enn det er for oss. Dette var til og med før Kristus, og då gikk ein til og med nedover, frå år 8000 til 7999. Og alle skjønar jo at det må vere langt, langt meir komplisert.

Men slik eg har forstått dette, er det datamaskinene som skapar krøll i systemet. Det er datamaskinene som ligg i botn. Det er datamaskinene som ikkje er i stand til å omstille seg frå 1999 til 2000.

Det finn eg noko merkelig. I alle får har vi fått høre kva for eit fantastisk verktøy datamaskina er. Alt kan vi gjøre med ei datamaskin. Datamaskina er i ferd med å endre verda. Vi har avanserte tekstprogram, internett, e-post, grafikk og rekneoperasjonar som er så kompliserte at bare datamaskiner kan utføre dei.

Då er det snålt at ei datamaskin likevel ikkje maktar å sjå forskjell på 1999 og 2000. Det er trass alt bare eitt tal opp!

Om få dagar vil altså verda gå under fordi vår infrastruktur er slik at vi har gjort oss fullstendig avhengige av datamaskiner. Den 31. desember vil datamaskin etter datamaskin svikte oss på uslaste vis.

Men kva er eigentlig så spesielt med det? Det gjør jo datamaskiner heile året! Alle som har vore nær tastaturet på ei datamaskin, veit at dei er tingestar som lever sine eigne små, sjuke liv. Dei er manisk-depressive maskiner med store personlige problem.

Sjølv småbedriftar har i dag It-avdelingar like store som stallen til Manchester United. Full av medarbeidarar som forstår like mykje av data som stallen til Manchester United.

 

Så der er vi altså. Nyttårsaftan 1999. Ti sekund til midnatt. Snøen fell. Verdas ende er nær. It’s a wonderful life. Ti – ni – åtte —

Det mest rørande er all energien og krafta folk legg i det å avgjøre kor dei skal vere ved midnatt på nyttårsaftan. Når verda likevel skal gå under…

Og i aviser og blad finn ein svære reportasjar med millenniumsmoter, kva slags undikkar, silkekjolar og dobbelspente dressar vi skal ha på oss når atomkraftverka på Kola går opp i lufta.

Det er noko veldig menneskelig over det. Vi stirer døden i kvitauget mens vi samstundes undrar på om vi skal ta på det blå slipset eller det med mikkemus på…

Vi er til og med viljuge til å betale titusenvis av kroner for å vere heilt sikre på at vi er rette staden når det smell. Nokon skal også ha sagt seg i stand til å feire tusenårsskiftet i Grieghallen i Bergen for å høre på Rune Larsen og Tor Endresen.

Ikkje eit vondt ord om Rune Larsen og Tor Endresen, men om det var sånn at eg bare hadde eit visst antall timar igjen å leve, hadde eg ikkje sett meg ned for å lytte til to bergenske batterinegrar som gjør tredjerangsversjonar av Pat Boone.

Tenk deg sjølv! Den siste songen du høra fikk, var Tor Endresen med ”La regnet øse ned”…

Litt vemodig er det. Vi står foran avgrunnen. Dommedag. Armageddon. The End.

Men kva med alternativa?

Først og framst dette: Verda går ikkje under!

Du står der og klokka slår det tolvte slaget og rakettane fyk opp, og verda går ikkje under. Verda går bare ikkje under… Det blir litt av ein nedtur. Her har dei snakka i vekevis om at verda skal gå under, og kva skjer?

Ingenting.

No er det sjølvsagt ikkje første gong det er spådd at verda skal gå under. Og sjølv har eg drømt om å vere til stades når ei eller anna religiøs sekt kjem saman for å ta farvel med kvarandre og verda. Dommedag er spådd til den og den dag, til det og det tidspunkt.

Det må vere ein veldig fortetta stemning når folk gir kvarandre hendene og takkar for alt og tidspunktet for dommedag kjem. Og tidspunktet for dommedag går…

Ja, kor lenge kan du liksom unnskylde dommedag?

Bør ikkje dommedag vere dønn presis?

Men kva snakkar ein om når ein er sånn 10-12 minutt på overtid og ingen har sett snurten av dommedag? Kva kan ein seie i ein sånn situasjon? Det er det eg er mest interessert i å få vite. Eg vil tru det er vanskelig å finne ord i ein sånn situasjon.

  • Nei, det er vel leggjetid…
  • Er det noko meir raudvin igjen, kanskje?
  • Kva tid tek den tysk-østerrikske hoppveka til?
  • Jaja, vi får snakkast!

Etter ein sånn skjellsetjande oppleving vil eg tippe at neste møte i sekta blir ganske spesielt.

  • Jaja, folkens! Takk for sist!
  • No har vi altså rekna litt på det… Og vi har komme fram til … ein ny dato…
  • Ellevte i tredje… klokka 22.23…

Og så er det på han igjen…

Men om det no blir slik, mot alle odds, at verda likevel ikkje går under… Kva så?

Då går mine tankar først og framst til dei som har kjøpt seg generator, 2000 liters propantank, fire månaders matforråd og fullisolerte overlevingskammer til 50.000 kroner.

Fire månaders matforråd er jo greitt, det får du bruk for sjølv om verda ikkje skulle gå under. Om du er glad i hermetikk, vel og merke.

Men kva skal du liksom med 2000 liter propan og eit fullisolert overlevingskammer? Eg spår her og no at det blir renn på rubrikkmarnaden i år 2000. Til sals: Pent brukt fullisolert overlevingskammer. No kun kroner 250.

Ja, her har folk kanskje tatt seg fri frå jobben, skaffa barnevakt og fyke på dyre hotellferiar for å oppleve at verda går under. Og så bare held alt fram som før.

Eg trur det er den ultimate Time Bomb 2000.

Tenk deg. Før midnatt har Tor Endresen Band spelt ”La regnet øse ned”. Og så skjer det ingenting, og så seier Tor Endresen inn i mikrofonen: – Næste låt:’ ”Ingen e’ så nydeli så du”.

Ja, ikkje eit vondt ord om Tor Endresen, men oppe i hovudet mitt hadde eg tenkt meg at det neste tusenåret skulle vere noko nytt, noko anna, noko radikalt annleis.

Og i staden blir alt som før: Tor Endresen, Lars Sponheim, Odd Einar Dørum, Valgerd Svarstad Haugland, Per Ståle Lønning, Sportsklubben Brann, rundkjøringar, kø på IKEA, livsstilsannonser, Nils Johan Semb, DaCapo med Vidar Lønn Arnesen.

DaCapo. DaCapo. DaCapo.

Eg trur den svenske popgruppa, bob hund, eigentlig har summert det best opp, heile den tikkande tusenårsbomba som absolutt ingen har brydd seg om: at alt kjem bare til å halde fram og halde fram og halde fram:

 

jag ligger här och tänker på

hur vi kan få vårt land på fötter best

jag vill att allt skall va som vanligt

ändå är det det jag fryktar mest