Framtida
Publisert
Oppdatert 10.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg er busett i utlandet no, men freistar likevel å halde meg oppdatert kva gjeld hovudtrekka i den norske samfunnsdebatten, og har såleis fått med meg at det viktigaste som har hendt den siste tida, er at ein tjukk mann har kjøpt sex (eller eventuelt berre «massasje», eg er ei enkel sjel og må erkjenne at eg ikkje skjønar det heilt).

Dette er (diverre) relativt vanleg og ville normalt ikkje vere noka stor sak, men for ein del år sidan var denne mannen så uheldig å melde seg inn i Framstegspartiet og vart etter kvart stortingsrepresentant, og difor fann TV2 det føremålstenleg å følgje etter han på ferien til Latvia, i fall han skulle gjere seg til lått, noko han (sjølvsagt) gjorde.

Lat meg understreke at eg ikkje synst det Bård Hoksrud har gjort, er greitt. (Alle burde vite at ein aldri skal melde seg inn i Framstegspartiet.) Eg vonar han skammar seg. Eg vonar det går svært lang tid før han får ha sex igjen. Eg vonar òg at han straks får tilbakebetalt dei 25 000 kronene han måtte betale i bot for å ha brote lova utan å bryte henne.

Personleg er eg verken for eller mot sexkjøplova. Prinsipielt synest eg rett nok det er betenkeleg at det skal vere straffbart å kjøpe noko som er tillate å selje, men det ville på hi sida vere meiningslaust å nekte for at lova har hatt ein positiv verknad på visse område. (I dag kan til dømes afrikansk utsjåande kvinner opphalde seg på offentleg stad i norske byar etter mørkets frambrot, noko som var tilnærma umogleg før lova tråtte i kraft.) Men ettersom eg (trass alt) synst det er ei grei ordning at det norske Stortinget bestemmer kva som skal vere lovleg og ikkje i Noreg, synst eg òg vi skal vere storsinna nok til å late andre lands styresmakter gjere det same.

Ein kan meine at det er både forakteleg og trist at latviske politikarar ikkje gjer meir for å hindre sexturisme, men det finst likevel ingen sakleg grunn til å tru at latviarar er idiotar – dei vil sikkert skjøne, berre dei får tenkt seg om, at heller enn å late bondejenter i tenåra selje seg til norske stortingsmenn, burde ein sende dei på skule, til dømes.

Tyskland er relativt nær Noreg, geografisk og kulturelt. Likevel finst ein del ting eg kan gjere her, men ikkje heime. Seinast i går naut eg alkohol på trikken. Viss eg røykte, kunne eg røykt på kafé. (Tysk høgsterett har bestemt at eit forbod er grunnlovssstridig.) Hadde eg førarkort, kunne eg leigd ein Porsche og kjørt på Autobahn i 250 km/t, i Noreg eit brotsverk alvorleg nok til at eg ikkje berre skulle vilje miste førarkortet og få ei truleg gigantisk bot, men i tillegg risikere fengsel.

Kjøp og sal av sex er òg lovleg. (Lokale bordell skal vere svært velorganiserte. Tyske menn dusjar på førehand og stiller seg høfleg i kø.) Likevel er det vanskeleg å førestelle seg at TV2 ville følgt etter Bård Hoksrud til Berlin. Tyskland er trass alt vår viktigaste handelspartnar. Då er det enklare å hengje ut Latvia, ein baltisk parentes som i Noreg er mest kjent for ikkje å vere Litauen (som er mest kjent for ikkje å vere Latvia, etc).

Medan Latvia altså er lite, er Hoksrud… relativt stor. Dette har nok òg vore ei viktig årsak til det omfanget saka har fått. «Sjå! Ein feit tapar som ikkje klarar skaffe seg sex på vanleg vis. Han kan vi ta!» Sjarmerande. Hoksrud er gift, men dersom han hadde reist utanlands og vore utru utan å betale for det, ville TV2 ikkje hatt noka sak. Norske media publiserer nemleg ikkje slike detaljar om privatlivet til våre folkevalde. I andre land vert derimot utanomekteskapleg seksuelt samkvem rekna for å vere eit så alvorleg brotsverk at det i verste fall kan innebere dødsstraff.

Frå uendeleg lenge sidan, då eg var ung og avtente siviltenesta i Amnesty, hugsar eg ei sak kor ei jente på seksten i Nigeria vart steina i hel fordi ho hadde late naboguten få sjans på seg. (Og nei, han fekk inga straff, dersom de lurte.) Ei mengd lovar og straffemetodar finst som verkar… eksentriske for oss. Ei saudi-arabisk kvinne vart nyleg dømt til ti piskeslag for å ha kjørt bil. Det var ikkje ei gong påvist at ho hadde brote trafikkreglane. (Rett skal vere rett: piskinga vart «avlyst».)

Ein sjalu iranar vansira eksen gjennom bruk av syre. Domstolen bestemte at kvinna skulle få hemn ved å helle tilsvarande syre i auga på mannen. USA, vår næraste allierte, er ein av berre to statar (Somalia er den andre) som ikkje har ratifisert barnerettskonvensjonen som forbyr bruk av dødsstraff mot mindreårige. Etc. Er det nokon som ville synast det var greitt at utanlandske statsborgarar vart straffa slik for «lovbrot» begått i Noreg? Nei? Men det er greitt at Hoksrud får bot i Noreg for å ha gått på horehus i Baltikum? «Makes sense».

Føremålet med reportasjeturen til TV2 var å skulle kunne audmjuke eit menneske som hadde handla uklokt. Orsakinga for å gjere dette var at han òg hadde brote lova (ei lov han rett nok stemte mot, men likevel sat i Stortinget som vedtok). Dei filma i løynd ein norsk statsborgar på privat reise i utlandet, i tilfelle han skulle gjere noko kriminelt – ein overvåkingsmetode politiet normalt får løyve til å nytte viss og berre viss det finst konkret og begrunna mistanke mot vedkomande.

Ein reportar utga seg for å vere horekunde for å få stadfesta at stortingsrepresentanten var horekunde. Staten gav horekunden bot for eit lovbrot som ikkje er eit lovbrot der det vart begått, på bakgrunn av bevis framskaffa av ein kommersiell aktør gjennom bruk av metodar som kanskje er lovstridige. Eg berre nemner dette, slik at det er nemnt.

Framstegspartiet valde, føreseieleg nok, å freiste å framstille seg som eit offer. Media er ute etter dei. Men TV2 var ikkje ute etter Frp, dei var ute etter sjåarar (og reklamepengar: Dette er trass alt ein kanal som har betalt milliardar for det diverre heilt uinteressante produktet «norsk fotball», dei treng pengane) – og ein sexskandale ville vere ein utmerkt måte å skulle kunne tiltrekkje seg desse.

Offerrolla kler uansett Frp særskilt dårleg i moralspørsmål fordi… vel, det er eit moralistisk parti. Siv Jensen er alltid «rystet» når andre har synt svak dømekraft (ved til dømes å ta imot ei gåve). Asylsøkjarar og andre «framande» som vil inn i det heilage landet må aldri ha gjort noko gale, nokon gong. Strengare straffer, meir politi, eit samfunn bygd på mistillit. Dersom Frp er eit offer, er dei eit offer for sin eigen suksess, for at deira negative innstilling til verda er vorten meir vanleg mellom «folk flest».

Nyleg vart det gjort kjent at den ugandiske organisasjonen SMUG og deira leiar Frank Mugisha er tildelt Raftoprisen 2011 for sin innsats for rettane til seksuelle minoritetar i heimlandet. I Uganda har reaksjonære lokale krefter, ofte i samarbeid med amerikanske misjonsorganisasjonar – finansiert via statsbudsjettet under presidentskapet til George W. Bush – skapt stadig vanskelegare levekår for homofile. Seksuelt samvær mellom personar av same kjønn kan straffast med livsvarig fengsel. Avisa Rolling Stone publiserte i fjor ei liste over dei hundre «fremste» homofile i landet, med oppfordringa «heng dei». Ein av personane på lista, SMUG-aktivisten David Kato, tok avisa til retten. Kort tid etter vart han myrda. Hendinga vart bagatellisert av politi og styresmakter. Etc.

Som alle tenkjande menneske synst eg dette er avskyeleg, og er såleis svært glad for at Raftostiftinga har vald å nytte sjansen til å støtte SMUG. Men kva har det med sexkjøpet i Riga å gjere? Tilsynelatande… vel, ingenting. Frank Mugisha og David Kato er heltar. Bård Hoksrud opplagt ikkje. Ingen norske media ville finne på å oppfordre til vald, uansett årsak. Og viktigast, så klart – sexkjøp, i skrikande motsetting til homofili, er etisk suspekt.

Likevel, ved nærare ettersyn, er ikkje motivasjonen til TV2 og Rolling Stone grunnleggjande den same? Intoleranse og eit sjukeleg begjær etter å formidle det som finn stad i privatsfæra, kamuflert som maktkritikk og grunngjeve gjennom ei ytst tvilsam tilvising til lova og «samfunnsmoralen». Eg synest ikkje synd i Bård Hoksrud. Men eg synest det er synd at eg – og alle andre som ser norsk TV og/eller les nettaviser – heilt undøvendig vert tvinga til å ta stilling til kva han har gjort.