Nike og Coca Cola er stolte over å presentere, mine damer og herrar, rett frå nærmaste laboratorium: dei kjemiske gladiatorane! Ladies and gentlemen, det rullar eit horrorshow over kloten: velkomen til TOPPIDRETTEN!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nei, det er ikkje mykje moro med edel kappestrid lenger. I alle fall ikkje kappestrid på topplan. Det må vere konklusjonen etter at dophovudene har hoppa, løpt, løfta og kasta frå seg nede i Sydney.
For når desse gullgutane kjem i mål, viser dei få teikn til noko så håplaust gammaldags som sigersglede. Dei verkar rasande og aggressive, så fulle av kjemikalier at dei ikkje greier å komme ned, dei maktar verken å vise ekte glede eller humane kjensler.
Dei framstår fullstendige umenneskelige, dei er idrettens kjemiske gladiatorar som er sendt ut på bana for å vinne gullmedalja og halve sponsorbudsjettet.
Det er vanskelig å reise seg frå godstolen heime og juble for ein Michael Johnson, ein Maurice Green, ein CJ Hunter.
Eg skal ha ein uvanlig god dag for å stråle av lykke over overdimensjonerte ryggtavler til verdas beste svømmarar, eg skal vere i uvanlig godt humør for å smile breitt når fulldopa rumenarar løfter altfor mange kilo over hovudet.
Og eg er ikkje åleine om å konkludere slik. Derfor er det at idrettsleiarane no har tatt over showet. Det er ikkje idrettsutøvarane som har tevla mest etter OL.
Det er idrettsleiarane som kjempar. Koss, Kran, Skaset, Stensbøl. Dei kjempar om idrettens framtid. Og dei kjempar om pengar.
For toppidretten har inga framtid utan pengar. Mange pengar.
Kom og opplev humane misfostre, oppumpa vrak, menneskelige miskapningar!
Sjå artistar som over ein lang periode har gjort dei mest horrible ting med kroppane sine!
Kvinner som er så tynne at dei må vere råka av ei personlig hungerskatastrofe. Menn som er så tjukke at dei ser ut som levande kanonkuler.
Ureint trav, doping og ei stadig tøying av grenser er blitt ein integrert del av idretten. Det er eit digert, postmoderne eksperiment der utøvarane er crash-test-dummies, der idrettsleiarane er innpiskarar og alle vi andre er forventa å applaudere og ta bølgja.
Det er klart at dette sjuke systemet på eitt eller anna tidspunkt måtte møte motstand, og at nokon ville komme med det sentrale spørsmålet: kvifor skal vi juble for denne idiotien?
Etter Sydney-OL er det idrettsleiarane som har slåst om å vere best, om å vere mest moralsk, og best i klassa. To av våre beste menn blei sendt heim i skam, men vi er likevel verdsmeister i antidoping-arbeid, vi er dei reinaste reine. Idretten forsøker å reinvaske seg, men står med skit over heile den oppumpa kroppen.
I ein aviskronikk går toppidrettssjef Bjørge Stensbøl til angrep på alle dei som meiner at idretten har hamna i ei etisk gråsone og som meiner at det ikkje blir gjort nok for å avsløre juksemakarane.
Stensbøl sutrar over det internasjonale regelverket som dømmer utøvarane etter funn av forbodne stoff i kroppen. Han trekkjer inn internasjonale menneskerettsprinsipp, og meiner at det finst for lita opninga for uskuld og aktløyse i dopingsaker.
Sanninga er jo at idretten sjølv vegrar seg for å ta det endelige oppgjøret med dopinga, at det er idretten sjølv som har etablert eit testsystem som er både uetisk og mangelfullt. Teknisk er det i dag uproblematisk å avsløre alle juksemakarane. Det er bare viljen det står på. Og den viljen finst ingen stad i toppidretten.
Alle partar ønsker å ha dette kjemiske sirkuset rullande ute på vegen, alle tenar store pengar på det: utøvarane, idrettsorganisasjonane, utstyrsprodusentane, sponsorane, tv-selskapa, pressa.
Det nyttar ikkje å stoppe denne ekle ballen som kjem rullande og rullande med jamne mellomrom.
Sjå dei overdimensjonerte, dei innskrumpa, dei utkåra! Sjå dei kjemiske gladiatorane i kamp! Gladiatorane presenteres av Hamburger Heaven og Apotekenes Lansforbund.
Kva ville skje om idretten verkelig tok alle som dopa seg? Kva om idretten gjorde slik som Bjørge Stensbøl skriv: ”Bevisst juks og forsøk på juks skal straffes knallhardt med idrettens sanksjoner”?
Jo, heile botnen ville sjølvsagt falle ut av idretten. Heltane ville bli reduserte til det dei eigentlig er – dopa, sjølvopptatte kroppsbyggarar utan ein klar tanke i hovudet.
Idretten har aldri gått foran for å stanse dette freakshowet. Tvert om, dei er oftast pådrivar i prosessen. Høgare, lengre, fortare!
Dopskandalen i Tour de France for eit par år sidan var ikkje eit resultat av intern oppvask i sykkelmiljøet. Det var eit eksternt, anonymt tips som gjorde at franske tollarar måtte gripe inn.
Det var eit mistak, nokon hadde rota det til for syklistane, arrangørane, sponsorane og deira stillteiande aksept om at doping er ein naturlig del av Tour de France.
Her blei idretten tvinga til å ta eit oppgjør, men det blei med eit liksom-oppgjør, eit spel for galleriet slik at Tour’en kunne rulle vidare neste år, og pengane på nytt kunne rulle inn.
Slik er det også med antidoping-arbeidet. Det er ein skinnmanøver, eit lite system på sida av det store sirkuset, ein avledningsmanøver, eit forsøk på å forsikre dei usikre om at idretten framleis er rein, framleis er den ideelle verda.
Toppidrettssjef Stensbøl diskuterer idrettens etiske gråsoner i sin kronikk, og han trekker fram kosttilskot og høgdehus som aktuelle diskusjonstema. Men denne type verdispørsmål er ikkje lenger ei særlig interessant problemstilling.
Idretten sjølv har flagga dei høgste ideal. Det sentrale spørsmålet er dette: når vil idretten leve opp til desse ideala og setje inn alle krefter for å ta alle juksemakarane?
No lagar idretten sjølv ei gråsone, av taktiske grunnar, det skal eksistere ein tvil, det skal vere ei opning mot det usikre. Det kan jo vere at dei fleste er reine, det er jo ikkje sikkert, dei er jo norske, jo, det må vere eit uhell.
Idretten er både politi, påtalemakt og domstol. I dette ufullstendig systemet kan toppidretten crawle friskt vidare fordi systemet framleis har ein slags legitimitet i det store talet av folk som framleis vil sjå på horrorshowet.
Hadde idretten levd opp til sine eigne ideal, hadde han tatt livet av seg sjølv. Folk ville ha vendt seg bort i avsky om den heile og fulle sanninga hadde blitt avslørt. Derfor forsøker idrettsleiarane no å manøvrere slik at det ser ut som om dei arbeider på spreng for å stanse dei meir uheldige sidene ved toppidretten.
– Vi slåst mot doping kvart minutt vi kan, seier statssekretær Roger Ingebrigtsen i Kulturdepartementet, og politikarane er på lag med horrorsjefane i toppidretten.
Sanninga er at politikarane og idretten kunne ha tatt alle juksemakarane om dei ville. Men dei vil ikkje. I dag er det i dag bare dei uheldige, dei dumme og dei uskuldige som blir tatt. Idretten sjølv vernar om juksemakarane. Dei er pengesekken deira.
Utan dei, ingen sponsorar. Utan sponsorar, ingen leikar.
Vi ber om fullstendig tyssssstnad: Ein mann utan hjerne, ein mann med bare kropp, ein mann som kan springe fortare enn nokon annan i verda, utan hovud, utan ein klar tanke, ta godt imot: det perfekte menneske!
Sjølv kan eg leve med at ungdom i sin beste alder vil øydelegge sin eigen kropp for å få seg ei gullmedalje og ein ny Mercedes. Det må vere deira val.
Verre er det å svelgje idrettens hykling. Deira liksom-debatt om etiske gråsoner, deira liksom-oppgjør med ukultur, deira forventningar om at vi skal vere med å hylle desse kjemiske gladiatorane.
At det er eit nasjonalt prosjekt å reinvaske den dopingdømte Stian Grimseth. Hadde det vore noko tak i Bjørge Stensbøl, hadde han sendt Grimseth ut av toppidrettsmanesjen for evig og alltid, i den djupaste skam.
Men ein toppidrettssjef har vel også ei framtid å tenke på. Dagens Næringsliv kunne nylig fortelje at Stensbøl hadde manøvrert så elegant i idrettsverda at han hadde gjort seg lekker for det norske næringsliv. Han er no god for fallskjerm og eit feitt liv.
The Horror Show Must Go On.