Twitter lar deg skrive dobbelt så langt
No får du plass til to vers av «Nordmannen»!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Heilt sidan starten i 2006 har Twitters brukarar måtta avgrense seg til 140 teikn om gongen. No får både du og Donald Trump dobbelt så mykje plass.
Det stramme formatet, omtrent like langt som ein tekstmelding før telefonane blei smartare, har ført til at folk vrir og vrenger på språket for å få sagt mest mogleg på den vesle plassen dei har til rådvelde.
The 280-character limit is a terrible idea. The whole beauty of Twitter is that it forces you to express your ideas concisely (1/47)
— James Poniewozik (@poniewozik) 26. september 2017
Etter to månader med testing av lengre meldingar, kunngjorde det sosiale mediet tysdag at dei doblar storleiken på meldinga – såkalla tweets – til opptil 280 teikn. Sjølv om testbrukarane raskt tok i bruk den ekstra kapasiteten, viser prøveprosjektet at dei fleste etter ein stund gjekk tilbake til å fatte seg i kort.
Berre 5 prosent av meldingane var på over 140 teikn, og berre 2 prosent var lengre enn 190 teikn, opplyser produktsjef Aliza Rosen.
280 teikn gir akkurat plass til to vers av «Nordmannen»:
Mellom bakkar og berg utmed havet
heve nordmannen fenge sin heim,
der han sjølv heve tuftene grave
og sett sjølv sine hus oppå deim.Han såg ut på dei steinute strender;
der var ingen som der hadde bygd.
«Lat oss rydja og byggja oss grender,
og så eiga me rudningen trygt.»— Runar B. Mæland (@runarbm) 8. november 2017
Det er ikkje klart når endringa blir rulla ut, men i nær framtid vil alle frå Jørgen hattemakar til kong Salomo – og president Donald Trump – kunne skrive dobbelt så langt som det formatet i dag tillèt.
The U.S., under my administration, is completely rebuilding its military, and they’re spending hundreds of billions of dollars to the newest and finest military equipment anywhere in the world, being built right now. I want peace through strength! pic.twitter.com/2YXkIvRIFi
— Donald J. Trump (@realDonaldTrump) 8. november 2017
Det vil seie: nesten alle. Ei stor gruppe må framleis halde seg innanfor 140 teikn. Det er dei som bruker kinesiske, japanske eller koreanske teikn på Twitter, men selskapet seier plassmangel ikkje er eit problem på desse språka.
- Du lurer kanskje på: Korleis tekstar du på kinesisk?