14-åringar i Noreg kan mykje om demokrati, men forskjellane mellom gutar og jenter har auka. Det viser den nye internasjonale demokratiundersøkinga.

Den internasjonale demokratiundersøkinga ICCS (International Civic and Citizenship Education Study) undersøkjer kunnskapen om demokratiske og samfunnspolitiske spørsmål hos 14-åringar.

Målet er å finne ut korleis denne aldersgruppa kjenner til, utøver og førebur seg på rolla som demokratiske medborgarar i samfunnet.

Førre gong undersøkinga blei gjennomført, var i 2009. Då skåra norske elevar høgt på kunnskapen om demokrati og haldningar til demokrati og medborgarskap, og hamna på ein 5.-plass blant dei 37 deltakarlanda.

Den nye undersøkinga, som blei gjennomført i 2016 og der rundt 6.000 elevar på 9. trinn frå 148 ungdomsskular i Noreg var med, viser at norske elevar har fått meir kunnskap om demokrati sidan 2009. Norske elevar hamnar også i 2016 på ein 5.-plass.

– Vi er glade for å sjå at norske elevar har høg kunnskap om demokrati, og at dette har auka sidan 2009. Over halvparten av norske 14-åringar er no på det øvste kunnskapsnivået, og dette er langt over det internasjonale snittet, seier divisjonsdirektør i Utdanningsdirektoratet, Sissel Skillinghaug.

Noreg gjer det litt svakare enn dei andre nordiske landa, men er etter Sverige det landet i Norden som har hatt størst framgang. Frå 2009 har derimot kjønnsforskjellane i Noreg auka. Sjølv om det har vore ein framgang for alle elevar, har jentene auka forspranget sitt, og kunnskapsgapet har auka.

Oppdatert: onsdag 8. november 2017 10.48

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE