Kan Oskeladden vise oss vegen til lukke i dag?

Henrikke
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Ja, vi elsker», «Mellom bakkar og berg», og godt er det. Elles hadde det kanskje ikkje vore så mange «Sønner av Norge» likevel. No skal du få høyre om éin av dei.

Det var ein gong eit sigrande menneske. Korleis kan eit menneske sigre? Kva avgjer om eit menneske er sigrande eller ikkje? Er Oskeladden eit sigrande menneske?

Som alle dei andre fjortis-jentene eg kjenner, har også eg sett den amerikanske serien «Orange Is The New Black» på Netflix og eg er dermed sjukt sikker på at alt her i verda handlar fullt og heilt om å ha den rette attituden. I folkeeventyra er det nettopp dette som avgjer om hovudpersonen sigrar eller ikkje. Dette er eit life hack verdt å ta med seg, folkens! Måten denne personen handlar saman med medmenneska rundt seg, taklar utfordringar og korleis han ter seg i situasjonar han står ovanfor viser seg å bli heilt avgjerande.

Oskeladden sit ofte heime ved grua, raker i den og gjer lite fornuftig eller gangs arbeid. Det viser seg at karen er ganske lur likevel. Oskeladden har attitude. Han finn hjelp i det meste som kryssar hans veg. Eit moderne svar på Oskeladden er den eventyrlystne friluftsmannen Lars Monsen. Lars Monsen har også attitude. Han er hovudpersonen i det moderne, verkelege folkeeventyret.

Har Erna Solberg attitude? Er det kanskje derfor nett ho er statsminister?

Eg er sikker på at Lars Monsen bestod jegerprøven berre ved å møte opp, at fjellvettregelene er ei stiloppgåve Lars Monsen skreiv i første klasse på barneskulen og at monsunperioden er oppkalla etter Lars Monsen (derav namnet).

Vel, tilbake til uverkelegheita. Oskeladden er rein fiksjon. Folkeeventyra er også fiksjon, i alle fall innhaldsmessig. Er oppskrifta på siger like verkeleg i eit folkeeventyr som det er i dagens samfunn? Gjerne spør deg sjølv: Har Erna Solberg attitude? Er det kanskje derfor nett ho er statsminister? På grunn av at ho har pågangsmot, taklar utfordrande situasjonar og veit korleis ho skal handle i møte med andre menneska? Har ho ein liten Oskeladd i seg? Dette er uansett sentrale eigenskapar hos dei som sigrar både i folkeeventyra og i dagens samfunn.

I mange folkeeventyr får eg inntrykk av at det sjeldan er den fysisk sterke personen som sigrar. Dette er ikkje dei klassiske «birkebeinarane». Dette er ikkje dei aller tøffaste av dei tøffe, barskingane. Dei som har hjarte så stort som ein fullvoksen bisonokse av størst mogleg sort, og konkurranseinstinkt på storleik med omkrinsen av heile Russland. Birkebeinarane er folka med størst status på julebordet. Det er familiefaren som ønskjer seg ny pulsklokke i fødselsdagsgåve, og den nyaste typen løpetights i farsdagsgåve. Nei, det er ikkje denne typen folk som sigrar i folkeeventyra. Det er heller den litt puslete, spinkle og veikaste av dei alle saman. Om berre det sto så vel til med meg i gymtimane mine på skulen også!

Ein kan berre førestille seg kor mange eventyrlystne barn der ute i verda som får servert folkeeventyr på sengekanten. Kva resulterer dette i? At Supermann og Batman må vike unna for ein fjomp med attitude og eit halvt kongerike?

Kor mange par blinkesko med bileta av Oskeladden har du sett?

Det finst nok foreldre som set seg ned på sengekanten kveld etter kveld for å fortelje poden eller vesla heime kva for ein flott gut Oskeladden var. Dei håpar nok at hovudpersonens haldningar skal gjere inntrykk og klistre seg til barnas hjernebork. Dette er barneoppdraging.

Er Oskeladden eit godt førebilete for eventyrlystne barn mellom alle verdas bakkar og berg? Kor mange par blinkesko med bileta av Oskeladden har du sett? Kor mange gongar har du grafsa inne i kinderegget for å få ut drøssevis med små plastbitar som kan monterast saman til ein knøttliten Oskeladden-figur? Er ikkje Oskeladden eit godt nok førebilete?

Har Oskeladden ein funksjon, eller har han vunne vakre prinsesser og kjempa mot grufulle troll heilt forgjeves? Det er kjent at folkeeventyra har overlevd gjennom munnlege overleveringar, noko som vil seie at dei strekk seg langt tilbake i tid og kanskje har forandra seg noko med tida.

Kan ein få noko ut av å høyre om at ein bondeson som Oskeladden kan få både halve kongeriket og prinsessa? Er det verkeleg så lønsamt å vere god? Må alle leve etter folkeeventyrets absolutte oppskrift på siger?

Folkeeventyr med Oskeladden i hovudrolla er nok ikkje meint som ein rettleiing på korleis ein skal leve livet, og det er ei heller sikkert at dei komande generasjonane har godt av å få øyregongane sine smurd inn med attitude. At det likevel finst mykje fornuftig mellom prinsesser og troll, det er det ingen tvil om!