Facebook kjøper «Skam»

Får rettane til å senda tv-versjonen i USA.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den amerikanske versjonen av «Skam» skal sendast på Facebook i USA.

NRK har inngått ein produksjonsavtale med XIX Entertainment, som igjen har inngått ein avtale med Facebook. Den første sesongen vil bli sendt i løpet av 2018, melder NRK.

Facebook Watch blei lansert for amerikanske Facebook-brukarar i august. Her får brukarane sjå TV-innhald gjennom Facebook-plattformen.

Historieforteljing for framtida

NRK har sikra seg retten til å visa den amerikanske nyinnspelinga når den er klar.

– Då eg først høyrde om SKAM, så var det som eg såg framtidas måte å fortelja historiar på. Me er utruleg entusiastiske for å få eit globalt publikum på Facebook Watch, seier Ricky Van Veen i XIX Entertainment, ifølgje The Hollywood Reporter.

LES OGSÅ: Svensk fan laga hyllestlåt til SKAM og resultatet er magisk