Framtida
Publisert
Oppdatert 03.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alle veit at norske menn ikkje kan kle seg, men det færre veit er at stygge slips vanlegvis er eit teikn på at dei er undertrykka og/eller forsømt i heimen. Gode koner og kvinner vil alltid kjøpe fine slips til mennene sine, men der er nokre som ser sin sjanse til å nettopp ikkje gjere dette. Eg snakkar om kvinnene som vil gjere kva som helst for å ha kontroll over mannen sin -dei som med vilje kjøper stygge slips til mannen sin for å sørgje for at ingen andre vil ha han. Stygge slips er rett og slett eit samfunnsproblem.

Det heile startar ofte på universiteta og høgskulane. Dei mest dominerande kvinnene ser allereie då kva dei må gjere, og metoden er effektiv.Eg har klart å kome meg i kontakt med ”Lars”, ein anonym og undertrykt mann. Han seier dette: ”Eg visste ikkje kva eg gjekk inn i. Dette har merka meg for livet. Eg kjem aldri til å bli den same igjen.”

”Studentar som kjem med stygge slips til skulen, høgskulen eller universitetet stiller urimeleg høge krav til lærarane sine og medelevane sine når det kjem til kommunikasjon. Det skaper psykologisk utryggleik. Dessutan kan ein ikkje forvente å få ein god jobb etterpå. Stygge slips gjer det rett og slett umogleg å føre ein likeverdig og gjensidig kommunikasjon.”

”Lars” meiner det er utenkeleg at til dømes ein sosialarbeidar med stygt slips skal kunne forholde seg til vaksne eller barn, eller at ein lege, sjukepleiar eller lærar skal kunne praktisere sitt fag med denne sentrale kommunikasjonshindringa.

”Slik fører vi undertrykte menn med stygge slips bak lyset,” held han fram.

Han meiner at stygge slips kan gjere det vanskeleg å få oversyn over kven som sit i klasserommet, særleg ved prøver og eksamenar.

”Korleis kan ein vite at ein mann er den ein gir seg ut for å vere, når ein blir altfor distrahert av det stygge slipset dei har på seg på ID-kortet,” spør ”Lars”.

Når vi spør ”Lars” om kva han meiner bør gjerast med det, er han først usikker. Han seier at han ikkje vil ha eit totalforbod mot slips, men at noko må gjerast.

”Kanskje eit forbod mot dei aller styggaste?” spør ”Lars”, før han må heim og lage mat til kone og barn.