Ny regjering på Island?

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 07.12.2017 15:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det islandske valet laurdag gav ikkje klare svar på kven som skal laga ny regjering, men den islandske presidenten gav Katrín Jakobsdóttir, leiaren for det venstregrøne partiet som vart nest størst ved valet, lov å danna regjering.

Trass i berre 17 prosent av stemmene, som rett nok er ei auke på 1 prosent frå førre val, har partiet laga planar for å leie ei brei fleirtalsregjering der Piratpartiet, Sosialdemokratane og Framstegspartiet er med.

Valvinnaren, det meir konservative Sjølvstendepartiet, gjekk kraftig attende i valet, frå 29 til 25 prosent, og har ikkje funne nokon å samarbeide med.

Samtalane startar fredag. Ei av dei viktigaste sakene det er lite semje om er utanrikspolitikken, spesielt når det kjem til å søkje om medlemskap i EU. Landbruk og innvandringspolitikk er òg saker dei fire partia står for svært ulike syn på.

Kjelde: Wikipedia,Iceland Monitor.