Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 02.11.2017 12:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I haust byrja eg på nordisk ved NTNU. Det er nok fyrst og fremst litteratur som interesserer meg personleg, men studiet inkluderer eit obligatorisk grunnkurs i språkhistorie. Norske språktilhøve har som kjende vore innfløkte heilt til nyare tid, men åra fram mot dagens tospråksamfunn er likevel inkje mot verkeleg gamle dagar, urnordisk og norrønt. Det er fyrst og fremst det sistnemnde ein prioriterer, sidan urnordisk på mange vis ligg i noko av ei dimme. Dei tallause stavingane kan òg verke vel kryptiske for den jamne student. Ein av fåe fullstendige setningar som gjev relativt openberr meining, er den nesten populærkulturelle innskrifta på eit gullhorn grave ut i Sønderjylland på 1700-talet: “ek HlewagastiR holtijaR horna tawido” _ “Eg, Hlegjest holtingen, gjorde hornet.” Omsett til ein norrøn konstruksjon har setninga fem stavingar mindre. Det hende ein og annan synkope fram mot 700-talet.

Norrønt er likevel kryptisk nok for dei fleste, meg og medelevane inkludert. Men éin føremon har eg: Eg har lese nynorsk, også av den gamle skulen. Sjølve Aasen har eg lese, han kunne sin Snorre og bruka norrønt i landsmålet. Denne samanhengen ser ein heile tida. Ei standard formulering på norrønt: “Þá spyrr konan …” For meg som har sett Aasen “spyrja” om det eine og det andre, er det opplagt at kona spør. Alle kan sjølvsagt leite det opp i ordboka, men veit ein ikkje omgåande at oppslagsforma truleg er det same “spyrja”, brukar ein mykje tid på bagatellar.

“Sá Þótti mér ungr at krefja eiðsins.” Viss eg fortel at “Þ” heiter “thorn” og blir uttala som “th” i engelske “think”, har lesarane då ein teori om verbforma “Þótti”? Det hadde ikkje mange fyrsteårs norrønstudentar heller. Men eg kom til å tenkje på ei verseline i eit ungdomsdikt av Vesaas, der han “totte” noko om eit eller anna. Han tykte, med andre ord. Så var det berre å slå opp under thorn, og sjølvsagt fann eg “Þykkja” – dei fleste verb har a-infinitiv som i eldre nynorsk. Verbet “krefja” er vel nokså innlysande, men har ein ikkje sett nynorskforma “krevja”, kan også det bli til ekstra vanskar. Substantivet “eiðsins” lyt naturlegvis ha med ein eid å gjera. Det etterhengde leddet orkar eg vonarleg utdjupe på eksamen. Kjenner de i tillegg mytologien, kan de vel nesten plassere denne soga no. Ho inkluderer ein misteltein, såpass kan eg seia.

Ikkje alt er så sjølvforklårande som dei nemnde døma, ein blir ofte ståande fast i aldeles ville variantar av tilsynelatande einfelte ord. Det er som kjent nokre kasus å rote med, oppå dei tri kjønna og alle tidene. Ein kan bli ør i hovudet av mindre. Men også morfologien adopterte Aasen litt av, og sume drag ser ein heilt inn i moderne nynorsk. Nok eit godt argument å slå i hovudet på ungdomen: Norrønt blir så mykje enklare med nynorsk i botnen. Dei har likevel ikkje betre å gjera.