Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 01.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skulda legg eg på universitetet, som lét meg ta ferie så altfor tidleg. Eg blir ofte spurd om eg ikkje skal få meg ein sumarjobb, eit spørsmål eg helst ror meg bort frå. Eg seier vel til sist, som sant for så vidt er, at eg nok skal skrive ein del for diverse blad og nettstader i sumar. Det vil i realiteten seia, at eg skriv føreliggjande epistel no i juni, den neste sikkert i september. Det er då òg det heile. Dei fleste, iallfall av den vaksne generasjonen, meiner ungdomen må koma seg ut og tene pengar til eige forbruk. Dette er eg lykkelegvis usamd i. Eg er så nøgd med og stolt av min eigen arbeidsmoral, at eg gjerne vil ha sumaren fri frå alle moglege møkkajobbar. Desse pengane det stendig blir gnåla om, har eg verkeleg ingen sans for. Dei fordervar oss.

Nei, i staden har eg ynskt å gje litt til fellesskapet  kva no dét er. Eller, det ynskte eg sjølvsagt ikkje. Men eg ynskte meg eitkvart å gjera, noko litt, men ikkje altfor meiningsfullt. For ein som likar skrive, og det gjer eg jo, fann eg det perfekte tidsfordriv på nettet. Den brukarbaserte encyklopedien http://wikipedia.org/ har eg lenge frekventert. Som lesarane sikkert er kjende med, kan ein cruise inn der og oppdatere seg sjølv på alle tenkjelege emne. Vel, ikkje heilt. For just som verda er i stendig utvikling, må sjølvsagt Wikipedia utviklast. Visjonen, noko såpass ambisiøst som “[…] tilgang til all informasjon for absolutt alle ”  eventuelt også “alltid”, er nok langt unna realisering førebels. Veldig mange brukar Wikipedia, langt færre gjer bidrag til sida. For det er som sagt brukarbasert, alle kan registrere seg og byrja skrive. Eller, om ein manglar eitkvart nytt å skrive om, berre korrigere eller utvide eksisterande artiklar, rette skrivefeil og liknande.

På skulen vart eg ofte åtvara mot Wikipedia som kjelde, og iallfall oppmoda til å sjekke referansegrunnlaget. Det skal ein alltid gjera, men det eg ved sjølvsyn har fått oppleva, er at den interne sensuren mellom bidragsytarane på Wikipedia, faktisk er nokså velfungerande. Mellom det fyrste eg sjølv skreiv, var nokre relativt snevre artiklar om systemvariasjonar i bridge. Noko av hav av lesarar var vel knappast å forvente, men det tok iallfall ikkje lang tid før ein av dei “viktige” administratorane kritiserte meg for manglande referansar. Ein får då ein “tag”, eit slag merkelapp som klassifiserer den aktuelle teksten  “This article might require a clean-up”, “This article does not cite any sources” og liknande. Det at kven som helst kan blande seg inn og skrive, jamvel i artiklar som longo er oppretta, opnar sjølvsagt for vandalisme, men reine tøyseartiklar blir raskt sletta og saboterte artiklar retta opp att av andre. Heldigvis for oss, finst det verkeleg ivrige brukarar som nærast alltid har augo opne.

Det er morosamt, sjølvsagt, å få skrive om noko ein faktisk interesserer seg for. Så lenge det kan seiast ha ei viss allmenn interesse, får artikkelen alltids bli liggjande. Å skrive om katten eller kjærasten sin er derimot ikkje akseptert, så lenge katten eller kjærasten ikkje er serskilde celebritetar. Ein skal skrive sakleg og objektivt, det seier seg sjølv. Utan kjeldetilvisingar blir ein raskt trekt i tvil, og peikarar både internt og eksternt er ein føremon. Desse grunnleggjande retningslinene lærer ein kjapt, og får etter kvart god trening i artikkelskriving generelt. Som målungdom burde eg kanskje prioritert nynorsk Wikipedia, men førebels har eg halde meg til den engelske. Til mitt forsvar skal det seiast, at min fyrste artikkel der var om nynorskpoeten Olav Nygard. Eg forventar nokre hundre tusen søk på det namnet.

No vel. Ungdomen i dag manglar kanskje ikkje engelsk skrivepraksis, men har ein eit anna språk ein ynskjer øve seg på, kan ein alltids laga seg brukar på andre lands Wikipedia. Noko av det mest fascinerande med heile apparatet, er forresten å lesa artiklar på språk ein overhovudet ikkje skjønar. Qaraqalpaqsha og Fiji-hindi er favorittar. Alternativt, og det er det optimale, kan ein skrive av rein nestekjærleik, for å hjelpe det medmennesket som tilfeldigvis lurar på noko du har kunnskap om. Det fylgjer ikkje korkje pengar eller heider med Wikipedia-artiklar, men di større grunn er det kanskje til å laga nokre.

Erlend Skjetne

Eg kjem frå Melhus i Sør-Trøndelag, der eg no går tridjeåret på allmennfag. Er 17 år gamal. Vantar konkrete framtidsplanar, men reknar med det blir eitkvart språkrelatert. På fritida les eg bøker, rakar lauv og spelar kort.