Sel ammetenester på nett

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ulovleg å selje morsmjølk i Frankrike, men dette er ein person som sel ei teneste, ikkje mjølk i flasker, seier Alexandre Woog, frå den franske marknadsnettsida e-loue.com, der annonsa ligg.

I tillegg til å sjekke om praksisen er lovleg, skal nettsida ha verifisert at ho er ekte, melder nyheitsbyrået Reuters.

«Eg er ei ung kvinne med god helse, utdanna sjukepleiar på 29 år, som leiger ut brysta mine til å amme spedborn,» heiter det i salsteksta frå kvinna, som lovar opptil ti ammerundar til dagen.

LES OGSÅ: Homofile får dårlegare løn

Ikkje surrogati
Nyleg vart homofile og lesbiske ekteskap lovleg i Frankrike, ei lov som var svært omdiskutert. Par av same kjøn får både gifte seg og adoptere born, men surrogati og assistert befrukting for lesbiske og homofile er ikkje lovleg.

Den moderne amma har fått mykje internasjonal merksemd. Reuters har ikkje fått identiteten til kvinna, men har lukkast i å sende e-postar med personen som annonserer at ho leiger ut sine mjølkefulle bryst.

– Eg har vorte kontakta av over eit dusin interesserte, men berre halvparten var seriøse. Resten var frå pervoar, skriv brukaren som vil amme for homofile.