Framtida
Publisert
Oppdatert 31.10.2017 10:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg hadde Radio Nordvest, ein annan Radio Tronic, ein tredje Radio Sonic osv. Vi laga enkle program med platespelar og mikrofon, laga konkurransar og spelte ønskjeplater. Nokre av oss prøvde oss på intervju, også. Dei mest interesserte av oss spelte inn program på band som vi fekk sendt frå utlandet, både på kort- og mellombølgje. Programma var på engelsk, og vi skaffa oss ein postboks slik at lyttarar kunne skrive til oss. Det var innmari spennande å sjå om det kom brev, og det gjorde det.

Dette var sjølvsagt heilt ulovleg. Det fanst ikkje private radio- og fjernsynskanalar på den tida, NRK hadde kringkastingsmonopol. Det lokale Televerket prøvde å spore oss radiopiratar, og eg vart åtvara av sonen til ein av televerkssjefane om at vi måtte slutte med det vi dreiv på med … Ja, piratsendingane våre vart tekne så alvorlege at ein av kameratane mine fekk besøk frå Televerket og vart fråteken stereoanlegget sitt. Det var nemleg lov å beslagleggje utstyr som vart brukt til piratsendingar.

Den gjengen som dreiv og leikte seg med piratradio i Molde på 1980-talet, brukte sendarane også til å snakke saman. Knut kalla opp meg, eg svarte, Frank var på lufta og snakka med Svein osv., kvar av oss frå guterom på austkanten av byen. Dette var ei form for chatting, og det var artig så lenge det varte.

No kan alle lage radio på tilsvarande vis ved hjelp av nettet. I staden for å nå ut til folk i ein omkrins på maks to kilometer, kan ein sende til heile verda. Og – det er lovleg. Det vil seie, det er lovleg viss du har rett til å spele den musikken du bruker. Opphavsrett og denslags tenkte vi radiopiratane i Molde aldri på. I og med at ein nettstasjon i prinsippet kan nå lyttarar over heile verda, tek plateselskap og opphavsrettsorganisasjonar ikkje lett på ulovleg bruk av musikk. Det er jo ille nok å kopiere sine eigne musikkfiler … dessverre. Heldigvis finst det gratismusikk ein kan bruke i programma, dersom ein kjem over musikk ein liker. Og det gjer det.

Å leike seg med radio er ikkje dumt. For meg var piratverksemda avgjort med å auke interessa for radio som medium, og eg utdanna meg seinare til radiojournalist. Samtidig ser eg at programma vi laga var ganske einsformige og kjedelege. Vi burde ha leika oss meir, arbeidd meir med innhaldet! Dersom ein vil lage sin eigen nettstasjon, kan det vere lurt å gå fleire saman. I sendingane bør ein ikkje berre ty til det enklaste av alt – spele musikk, og seie litt om musikken. I lengda blir det lite utfordrande. Det går an å lage sketsjar, intervjue venner og kjenningar, fortelje om noko ein er oppteken av, framføre kåseri – ja, i det heile sende noko som ein eller annan der ute kan ha interesse av å høre på. Musikken kan andre konsentrere seg om. Resultatet er eit lite, nytt og særeige medium. Spennande? Ja, og om ein kallar nettstasjonen ein radioblogg blir han kanskje enda meir spennande for somme, slik ordet ’pirat’ skapte ekstra interesse den gongen eg leika meg i eteren.