Som 20-åring var Bjarte Tjøstheim i full sving som radioprogramleiar. – Utdanning har eg dessverre veldig lite av.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

– Eg var nok ein litt meir bekymra ung mann då, enn eg er no. Vi var alle redde for atomkrig, og den frykta har jo blitt ganske populær igjen.

Det skriv Bjarte Tjøstheim (56) i ein e-post til Framtida.no.

Angstfylt presteson

Komikaren og radioprofilen har dei siste åra markert seg med si openheit om eigen angst, gjennom det prislønte sceneshowet Det går betre no og boka Bjartes lille redde.

Denne hausten skal han tilbake på Det Norske Teatret med sceneshowet Tilgi meg, der han tek fatt på sitt dårlege samvit.

Tilgjeving er kanskje eit naturleg tema for prestesonen, som òg har laga humorprogrammet Presten for NRK.

Bjarte Tjøstheim i presteskjorte

Bjarte Tjøstheim som prest i NRK-serien «Presten». Foto: Kim Erlandsen/NRK

Einar og rønna

Som 20-åring var tilværet for Tjøstheim langt mindre glamorøst enn no. Det langhåra radiotalentet frå Randaberg budde i ei gamal rønne på Tjensvoll, like utanfor Stavanger.

– Der budde eg saman med min gode kompis Einar. Rønna blei rive etter at vi hadde flytta ut, men det hadde ikkje noko med oss å gjera. Håpar eg.

På nattbordet låg helst Jens Bjørneboe og John Steinbeck.

På jobbfronten var Tjøstheim alt i gang med eterkarrieren med arbeid i ein nærradio i Stavanger.

– Eg spelte plater og var programleiar. Utdanning har eg dessverre veldig lite av, sett bort frå dei tre månadane eg heldt ut på gymnas. Då eg først hadde begynt å tena eigne pengar, blei det vanskeleg å sette seg på skulebenken igjen. Dessverre.

Ung mann med langt hår

Bjarte Tjøstheim gjekk ikkje lenge på gymnaset og starta å jobba tidleg. Foto: Privat

Kvite Nissan Cherry

Tjøstheim hugsar ingenting frå sjølve bursdagen sommaren 1987, men erkjenner at det ville vore typisk han å ikkje feira.

Langhåra mann med sigarett i naseboret

Bjarte Tjøstheim har gjort humor til ei karriere. Foto: Privat

Det sterkaste minnet frå den tida er at han køyrde rundt i sin kvite Nissan Cherry, med open takluke og volumet på fullt. Då gjekk det gjerne i Yes, Genesis og litt Level 42.

– Eg drøymde nok om å bli noko innafor media. Radio eller TV. Hadde vel ein draum om å bli trommeslagar òg, men der var nok ikkje talentet stort nok.

Sjølv om han er best kjent for si deltaking i Radioresepsjonen, har Tjøstheim òg prøvd seg bak trommene i band som Home by the C, Candles, Mack and the Boys og Bjarte Tjøstheim Experience.

– Kom deg til frisøren, gut!

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg ville vel fått sjokk og tenkt «Kom deg til frisøren, gut!»

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Eg ville sagt: «Slapp av Bjarte. Bekymra deg mindre. Ta nokre fleire sjansar. Det meste ordnar seg.»