Norsk film gjekk opp 0,1 i terningkast i 2016

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Norsk filminstitutts årsrapport for 2016 går det fram at gjennomsnittleg terningkast for norske filmar i fjor var 3,9, opp frå 3,8 i 2014. Dette tyder på jamt høgt nivå, står det i rapporten.

Rapporten inneheld elles fleire andre interessante tal om statusen for norsk film:

Framleis få kvinner
Eit mål for filmpolitikken er å auke kvinnedelen i norsk film. I filmar som fekk produksjonstilskot, var denne delen 31,7 prosent for kinofilm, 43,3 prosent for kortfilm, 53,9 prosent for dokumentar og 28 prosent for kvinnelege hovudroller, fortel rapporten.

LES OGSÅ: Oscar er ein kvit mann som pushar 50

Av norske kinofilmar med premiere i fjor, blei 29 prosent spelt inn i Oslo og Akershus.

37 prosent blei spelt inn i resten av landet og 34 prosent i utlandet. Dette er første gong sidan 2012 at regionale innspelingsstader utanfor Oslo og Akershus har gått forbi både hovudstadsområdet og utlandet.

LES OGSÅ: Anders Baasmo Christiansen til skogs i ny film

Samstundes gjekk 79 prosent av produksjonsmidlane i 2016 til produksjonsselskap i Oslo og Akershus.

25 premierefilmar
Det blei gitt noko over 42 millionar kroner i tilskot til å styrkje formidling og tilgjengeleggjering av filmkultur i Noreg.

LES OGSÅ: Tre norske filmar var mest sett på norsk kino i 2016

I fjor hadde 25 norske filmar kinopremiere. Norskdelen for dramaseriar på fjernsyn var 11,1 prosent. For film var norskdelen 4,7 prosent og for dokumentar 43,5 prosent.

Utanfor Noreg kjøpte eit publikum på 716.000 billett for å sjå ein norsk film. Tyskland er det største enkeltmarknaden for norsk kinofilm i utlandet.