Då dei fekk vita om trivselsproblema i bygda, kom ordføraren og heile kommunestyret til skulen for å lytta

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heile kommunestyret kom til ungdomsskulen for å læra

Saka var først publisert på Porten.no.

Politikarmøtet kom i stand under venskapsveka, som Lærdalsøyri skule arrangerer denne veka.

– Det er ganske spanande å gjera noko anleis, seier Nathaniel Maristuen, elev i 8. klasse, som mellom anna fekk besøk av ordførar Jan Geir Solheim på bordet.

Sjølv om det ikkje er store utslag, viste spørjeundersøkinga Ungdata frå 2017 at det er fleire unge i Lærdal som seier dei er mykje plaga av einsemd, at dei blir mobba og utsett for trugslar om vald, enn det som er lands- og fylkessnittet. Færre seier dei trur dei vil få eit lukkeleg liv.

I år er første gong Lærdal har vore med i undersøkinga.

– Då såg me nokre tegn på at kanskje ikkje alt er positivt i Lærdal og me tenkte at me måtte ta tak i det, seier rektor Gunn Beate Sjøthun ved Lærdalsøyri skule.

Ein plass å sitta

Åttandeklassen Nathaniel Maristuen tykkjer Lærdal er ein flott plass å bu, med mange aktivitetar på fritida, men saknar likevel ein kafè i sentrum der ungdommane kan møtast.

– På laurdagane reiser me kanskje ned på Øyri og kjøper oss noko godt. Men vi har ingen plass å sitta, seier han.

Politikarane fekk presentert resultat frå undersøkinga i førre kommunestyremøte i sommar.

– Undersøkinga viser at ikkje alt er rosenraudt i Lærdal, me har elevar som slit med motivasjonen og ikkje trivst. Det viktige er å setta fokus på kva me kan gjera betre og det greier me gjennom ei slik veke, seier ordførar Jan Geir Solheim.

Kan læra av elevane

Han tykte det var nyttig å høyre kva ungdomane meiner om jobben dei gjer.

– Dei har ei positiv tilnærming til ting, er løysingsorienterte og ser moglegheiter i alt. Der har kanskje me vaksne litt å læra, som kanskje heller ser avgrensingar og problem, seier ordføraren.

Rektor Gunn Beate Sjøthun tykkjer det er flott at kommunestyret såg verdien av å stilla opp og få treffa ungdomane.

– Då får dei direkte dialog med ungdomane våre og det er jo dei som er framtida. Skal me snu ein trend og få til noko, så må me få til ein positivitet og me må løfta kvarandre, seier ho.

Les meir i Porten.no