Over 100.000 påmelde til Operasjon Dagsverk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Operasjon Dagsverk er den årlege solidaritetsaksjon til elevar der ungdommane jobbar ein dag og gir inntekta til ulike prosjekt. Det kjem årleg inn rundt 23 millionar kroner, opplyser Sandra Skiaker, som er leiar for hovudkomiteen i Operasjon Dagsverk.

I år har elevtinget bestemt at pengane skal gå til «Frå utvinning til utdanning» i Nigeria, som er prosjektet til Natur og Ungdom og Naturvernforbundet. 117.000 elevar er påmelde.

– Takka vere Operasjon Dagsverk vil ungdom fanga i den største oljekatastrofen i verda endeleg få moglegheita til ei betre framtid. Vi har jobba i mange år med dei katastrofale øydeleggingane frå oljen i Nigerdeltaet. Vi er utruleg glade og takknemlege over tilliten som elevane har gitt til oss, seier generalsekretær Maren Esmark i Naturvernforbundet.

Ho viser til at i Nigerdeltaet har forureining frå internasjonale oljeselskap øydelagt livsgrunnlaget til ungdommane.

Oljevaktarar

Sandra Skiaker seier til NTB at pengane som kjem inn gjennom Operasjon Dagsverk skal gå til utdanning for ungdom i Nigeria både i og utanfor skulen

– Midla skal blant anna gå til å utdanne oljevaktarar som kan følgje med på at oppryddingsarbeidet etter oljesøl går som det skal, at det faktisk blir opprydding og at den blir gjort ordentleg. Ungdom skal lærast opp til å dokumentere når oljesøl skjer og få kunnskap om kven dei skal melde frå til, slik at oljeselskapa får moglegheit til å rydde opp, seier Skiaker.

Ho seier at pengane også skal gå til eit prosjekt for å skape nye og miljøvennlege jobbar for ungdom i Nigeria.

Internasjonal veke

Knytt til Operasjon Dagsverk er også Internasjonal veke, som ifølgje nettsida til OD har som mål å lære elevane korleis verda heng saman. I år får elevane tilbod om å lære meir om den største oljekatastrofen i verda og globale samanhengar.

– Det som er det kulaste med OD er at det handlar om ungdom, og at vi har eit felles ansvar for å sørgje for at ungdom i verda har utdanning. Her får faktisk ungdom moglegheit til å utgjere ein forskjell gjennom midlane som blir samla inn på OD-dagen. Men det er også fint å få lære noko gjennom internasjonal veke, å få auga litt opp for korleis verda ser ut, seier Sandra Skiaker.

Les meir om Operasjon Dagsverk her!