Oljekatastrofe i Nigeria får Operasjon Dagsverk

Natur og Ungdom og Naturvernforbundet vil gi utdanning til 10 000 ungdommar.

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 31.10.2017 09:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

OD til oljekatastrofe i Nigeria

Over 500 elevar på Elevtinget stemte i går fram ungdom som er ramma av miljøkatastrofa i Nigeria som årets Operasjon Dagsverk (OD). Leiar for Hovedkomiteen i OD, Sandra Skiaker, er godt nøgd med valet.

– Eg er stolt og gira for å få jobbe med Naturvernforbundet, Natur og Ungdom og ungdom i Nigeria, seier ho i ei pressemelding.

I prosjektet skal 10 000 ungdommar mellom anna få kunnskap om korleis hindre nye oljeutslepp, samt lære om fornybar energi.

Oljekatastrofe
Sigrid Elise Høeg (biletet), organisasjonssekretær i Natur og Ungdom, fortel til Framtida.no at prosjektet skal gi ei framtid til ungdommar som lever i område råka av ein av dei største oljekatastrofane i verda.

– Mykje forureining frå oljeindustrien har ført til at mange har mista jobbane sine innan fiskeri og jordbruk. I prosjektet skal vi lære ungdommar om trygt oppryddingsarbeid, samt gi dei utdanning innan entreprenørskap og eit fornybart perspektiv, seier Høeg.

Ho understrekar at klima og miljøsaker angår oss alle, og at alle deler dei same avgrensa naturressursane.

LES OGSÅ: Jublar over stenging av gasskraftverk


Frå Natur og Ungdom og Naturvernforbundet sin brosjyre om prosjektet. Les meir her.

Forureining frå Shell
Leiar i Naturvernforbundet, Silje Lundberg, fortel til Framtida.no at oljesølet gjer at folk mistar tilgangen til reint vatn, noko som har ført til ressurskonfliktar i området.

– I Niger-deltaet har forureining frå Shell og andre internasjonale selskap øydelagt livsgrunnlaget til ungdommane. Drikkevatnet er forureina og mange stader går det ikkje lenger an å dyrke mat. Ungdom som verken har utdanning eller inntekt er lettare å rekruttere inn i valdelege og militære gjengar, seier ho.

Lundberg er glad for at norske elevar ynskjer å jobbe for å gi ungdom i Nigerdeltaet ein betre framtid, og får støtte av Natur og Ungdom.

– Den viktigaste grunnen til at norske ungdommar bør engasjerer seg i Operasjon Dagsverk i år, er at Noreg har hatt investeringar i Shell. Selskapet har ikkje har rydda opp etter seg og har skapt store problem for lokalbefolkninga. Vi har eit ansvar for å bidra, seier Høeg.

Desse er med på biletet øvst i saka: Frå venstre bak: Dag Arne Høystad, Janne Gillgren, Maren Esmark (alle Naturvernforbundet). Midten. Ingrid Skjoldvær, Mari Gjerdåker (begge NU), Helga Lerkelund (Naturvernforbundet), Tina Andersen Vågenes, Karianne Andersen (begge NU), Julie Louise Erdahl Skøien, Rikke Iversen (begge OD). Framfor: Sandra Skiaker (OD). Foto: Trond Tveit

LES OGSÅ: Fred i Colombia – steg for steg