Unge i Agder på landstoppen i mottak av Nav-pengar
Talet på unge mellom 18 og 30 år som får arbeidsavklaringspengar, aukar i Agder-fylka. I resten av landet er trenden motsett.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Unge i Agder-fylka får mest Nav-pengar i landet
– Dette er eit samfunnsproblem som bekymrar oss seier Elisabeth Blørstad, fylkesdirektør i Nav Vest-Agder, til Fædrelandsvennen.
I Aust-Agder får 5,4 prosent av unge under 30 år arbeidsavklaringspengar, og er med det verstingfylket i Noreg.
I Vest-Agder ligg prosenten på 4,4 prosent. Det er nest høgast i landet. Det nasjonale snittet ligg på 3,4 prosent.
Mange av dei unge som får arbeidsavklaringspengar har tidlegare falle ut av vidaregåande opplæring.