Framtida
Publisert
Oppdatert 30.10.2017 09:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I kubanske aviser las eg om ein rapport frå FN, der Cuba fekk skrøyt for å ha ei bærekraftig utvikling. Det vil seia at dei går frå å vera fattige til å vera litt mindre fattige utan at dei bruker opp tilsvarande fleire ressursar. 2006 har på Cuba fått namnet Energirevolusjonens år, og dei har aksjonar i gang for å spara energi over heile øya. Dei gamle russiske fjernsyna blir byta ut med nyare og meir energiøkonomiske modellar, private og statlege kjøkken får nytt energisparande utstyr, det blir arbeidd med betre måtar å resirkulera og utnytta søppel på. I den same FN-rapporten står det at blant verstingane, dei som held fram med ei utvikling som skadar jorda og trugar oss alle, der finn me Noreg. Pussig nok kan eg ikkje hugsa å ha lese noko særleg om denne rapporten i norske media …

Ein viktig pådrivar til å spara er at ein har lite, det veit me jo frå våre eigne liv. Naud lærer naken kvinne å spinna, som det heiter i ordtaket. Og kanskje me treng meir naud i Noreg? For det er kanskje urealistisk at me kuttar ned på kjøtforbruket vårt før det blir rasjonert, eller sluttar å bruka bil før det blir forbode? Miljøvernminister Helen Bjørnøy oppfordrar alle til å feriera i Noreg, ta bussen eller gå i staden for å bila, og elles ta på seg ein genser og skru ned varmen. Men slikt gjer dei færraste av oss utan press, og er det ikkje derfor me har politikarar, for at dei skal pressa oss, med skattar, avgifter og andre verkemiddel? Eg er for sterk statleg styring, så sant staten styrer oss i den rette leia! Det er upopulært med miljøavgifter og høge straumprisar, men eg skulle ønska meg politikarar som forsto at jobben deira ikkje er å bli populære, men derimot å ta ansvar på vegner av oss alle.

To unge jenter eg kjenner blei så gripne av inntrykka sine frå ei rundreise i Latin-Amerika at dei la om kvardagsliva sine då dei kom tilbake til studielivet i Bergen: Korfor skal me ha så mykje plass når me ser kor godt folk kan leva mykje tettare på kvarandre? Dei tok inn fire ekstra personar i kollektivet der dei budde, og gjorde det eine rommet om til sovesal med køyesenger (og flytta ei dobbeltseng inn på det minste rommet, som ein kunne bruka etter behov). Slik blei det plass til fleire, alle fekk betre råd, og alle lærte noko om koss beste- og oldeforeldregenerasjonen vår truleg hadde det, der dei budde 10-15 personar i hus som me i dag synest er litt for små for to. Så dei forureinande flyreisene våre til land der folk er nøydde til å utnytta ressursane sine betre kan kanskje forsvarast likevel, viss det kan læra oss å forbruka og forureina mindre når me kjem heim!