Når katteknulling og uvisse øydelegg vennskap

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tenkjer at det er ei bok som tek for seg det store vennskapet. Det handlar om å stole på seg sjølv i møte med omgivnader som ein ikkje heilt forstår, seier forfattar Inger Johanne Sæterbakk som nyleg gav ut ungdomsromanen 1000 dagar.

Boka handlar om Johanna og bestevenen Georg, som byrjar på ungdomsskulen og tek ein pause frå vennskapet sitt.

– Ungdomsbøker handlar ofte om forelsking. Eg ville heller skrive om vennskap, fordi dei gode vennskapa er så viktig for å kjenne seg trygg i den litt urolege tida ungdomstida er, fortel Sæterbakk.

Kjenslene er brutale og alt kjennest stort uansett kor smått det eigentleg er

Ungdomsskulen er første test

Boka byrjar med at katten til Johanna og katten til Georg parar seg. Dette synest Georg er fascinerande, medan Johanna berre syns det er ekkelt. Etter at Georg fortel heile klassen om hendinga, får Johanna nok. Ho bestemmer seg for å ta ein 1000 dagar lang pause frå vennskapet med Georg.

– 1000 dagar speglar òg sinnsstemninga ein er i når ein er ung. Stemning og status endrar seg frå friminutt til friminutt. Kjenslene er brutale og alt kjennest stort uansett kor smått det eigentleg er. Difor kan det som eigentleg er kort tid kjennast som veldig lang tid, fortel forfattar Sæterbakk.

Hovudpersonen i romanen, Johanna, går i store delar av romanen rundt og kjenner på uro og uvisse. Ho føler at ho er den einaste som ikkje passar inn. Ho er redd for å ikkje bli likt av dei “kule” i klassen, sjølv om ho eigentleg ikkje likar dei.

– Den same uvissa, som Johanna møter, kjenner ein på fleire gonger opp gjennom livet. Men den er nok ekstra sterk i ungdomsskule-stadiet når ein ikkje har mengdetrening på å takle det. Eg fekk spørsmål, frå ei 13 år gammal jente, om eg nokre gonger kjenner på den same uvissa og det gjer eg heile tida. Eg er berre blitt betre på å takle det. Johanna kompliserer eit fint liv fordi ho sluttar å stole på seg sjølv, seier Sæterbakk.

Inger Johanne Sæterbakk har gitt ut boka 1000 dagar på Aschehoug forlag. Foto Kjell Åsmund Sunde/ NPK

Inger Johanne Sæterbakk har gitt ut boka 1000 dagar på Aschoug forlag. Foto Kjell Åsmund Sunde/ NPK

Måtte leite i gamle minner

Sæterbakk brukte eigne erfaringar og minner frå ungdomstida i skriveprosessen, men i mindre grad enn ho i utgangspunktet hadde trudd.

– Eg tok utgangspunkt i nokre hendingar frå mitt eige liv, men byrja etter kvart å dikte meir og meir. Det er ganske få av situasjonane som er sjølvopplevde. Hovudelementet i historia, pausen frå vennskapet, har eg stole frå ei venninne som opplevde det, fortel ho.

På same måte som Johanna, var Sæterbakk, ifølgje seg sjølv, nerdete i oppveksten. Ho skil seg likevel frå Johanna på den måten at ho ikkje brydde seg om å passe inn.

– Eg hadde det fint på ungdomsskulen fordi eg ikkje skjønte kor nerd eg var, seier Sæterbakk og smiler.

– Kva har vore dei største utfordringane med å skrive for ungdom?

– Det var nokon som spurde meg korleis eg kunne skrive for barn og unge sidan eg ikkje har barn sjølv. Eg syntest det var eit teit spørsmål. Det handlar ikkje om å ha barn, det handlar om at ein har vore barn. Den største utfordringa har vore å finne tilbake til den naive tankegangen frå den tida.

LES BOKMELDINGA AV 1000 DAGAR HER!

– Wow, har eg skrive det

Sæterbakk debuterte som forfattar i 2014. Då gav ho og medforfattar Guri Idsø ut boka Magnhild. Å gi ut bok aleine skil seg likevel frå det å gi ut bok saman med andre.

Ja, du har rett viss du meiner du har sett ho på tv i det siste. Inger Johanne Sæterbakk var ein av friane i «Jakten på kjærligheten» som blei sendt heim i haust. Foto Kjell Åsmund Sunde/ NPK

– Sjølv om det er ein tryggleik i å ha ein medforfattar er det fint å vere heilt allmektig, seier Sæterbakk og legg til:

– Då eg og Guri skreiv og oppdaga noko kult, krangla vi om kven som hadde skrive det. Ingen av oss tok på oss æra, vi berre skrytte av kvarandre for å ha skrive noko som var så bra. No blir det annleis. Det er ei heilt spesiell kjensle å oppdage kule element i teksten og tenkje: «Wow, har eg skrive det.»

Til dagleg jobbar Sæterbakk i Noregs bondelag, så boka blei til på fritida.

– Eg fekk driven over meg i fjor sommar. Eg hadde rammehistoria klar så då gjaldt det å sette av tid. Det blei til at eg stod opp før jobb for å skrive. Det blei rutine. Tidlegare når eg har skrive har eg slite med strukturen, for å få tid til å skrive måtte eg prioritere det og sette av bestemte tidspunkt.

Om det blir nokon oppfølgjarroman er Sæterbakk usikker på.

– Fleire eg har prata med vil at eg skal skrive ei bok om Georg fordi dei likar han betre. Men eg er usikker på om det ligg meir i historiene til desse karakterane. Eg vil i alle fall skrive meir for ungdom, avsluttar ho.

(©NPK)

Få nyhendebrev med siste boknytt her!