Island får fleire parti enn nokon gong
På laurdag er det val til Alltinget på Island.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Valet til det islandske Alþingi er laurdag 28.oktober. Alle dei 63 representantane er på val.
Det er ikkje lett å seie kven som vil vinne valet ettersom meiningsmålingane sprikjer valdsamt. Dei to største partia, Sjølvstendepartiet og Den venstregrøne rørsla, har vore måla til, høvesvis, mellom 21 og 26 og mellom 19 og 30 prosent oppslutnad i ulike målingar den siste månaden. Det tredje største partiet på meiningsmålingane er det sosialdemokratiske partiet som har hatt målingar mellom 5 og 15 prosent. Heile ni ulike parti kan klare å kome inn med representantar i Alltinget etter dette valet. Det tydar ikkje på at landet vil få ei stabil regjering.
Den førre regjeringa vart til etter valet i 2016, men regjeringsforhandlingane tok meir enn to månadar. Trepartiregjeringa leia av leiaren for Sjølvstendepartiet, Bjarni Benediktsson, fall saman etter at faren til Benediktsson vart skulda for å ha skrive eit tilrådingsbrev for ein ven som var dømt for pedofili. Regjeringa haldt dette hemmeleg fram til opposisjonen tvang dei til å vedkjenne sanninga.
- LES OGSÅ: Island har fått ny regjering
Det eine støttepartiet til Sjølvstendepartiet stoppa støtta etter desse vedkjenningane, noko som fekk Benediktsson til å utlyse nyval. Dette er den tredje regjeringa på rad som Sjølvstendepartiet har leia som har brote saman før valperioden har gått ut, alle med ulike støtteparti.
Partia som kan få representantar på Alltinget, i tillegg til er det konservative Sjølvstendepartiet og to dei venstreorienterte partia Venstregrøn rørsle og Sosialdemokratane, er Lys Framtid, Piratpartiet, Uavhengigheitspartiet, Reformpartiet, Folkepartiet og Framstegspartiet.