– Det er noko gale med demokratiet på Island

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er noko gale med demokratiet her

Oslo-studenten er nettopp ferdig som dagleg leiar for Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo, og stiller no til val for Piratpartiet på Island.

– Eg har lyst til å bidra til å gjera Island til eit betre land. Piratpartiet er det einaste som verkeleg tar seriøst dei omfattande demokrati- og korrupsjonsproblema landet står ovanfor.

Fire statsministrar på sju år
Det har vore mykje skrive om islandsk politikk etter finanskrisa. Dei tre største bankane på øya gjekk konkurs, og statsminister Geir Haarde måtte gå av etter store folkeprotestar i 2009. Sidan dette har landet hatt tre statsministrar. I vår måtte Sigmundur David Gunnlaugsson gå av etter nye folkeprotestar etter han blei nemnd i Panama-papira. Regjeringa har varsla at det skal vera nyval til hausten, men utan å datofesta valet.

– Korleis vil du skildra situasjonen i dag?

– Etter finanskrisa ynskte borgarane endringar, meir openheit og meir demokrati. Etter valet 2009 augna eg eit håp om nye metodar og meir tillit mellom borgarane og dei politiske institusjonane, ny grunnlov vart skrive og eg trudde ting ville bli betre. Det håpet blei sløkkt då krisepartia igjen kom i regjering etter valet 2013, som så nekta å vedtaka den nye grunnlova.

– Regjeringa bryr seg ikkje om systemendringa nasjonen ynskjer, og gjer kva ho kan for å halda på makta. Etter at Panama paper-saka sprakk på Island gjekk folkesetnaden igjen ut i gatene for å protestera og kravde nyval og at Panama-statsrådane skulle gå av. Statsministeren gjekk av, men enno sit det to Panama-statsrådar i regjeringa. Valet som regjeringa lova at skulle gjennomførast i haust har dei no freista å skyva til våren, men det er då valet opphavleg skulle finna stad. Me har eit problem med at statsrådar sjeldan tek ansvar for handlingane sine og er lite audmjuke overfor meiningane og interessene til ålmenta, hevdar Dora.

Frå protestane mot regjeringa i 2008. Foto: OddurBen / CC BY-SA 3.0

LES OGSÅ: Fleire unge islendingar kjem tilbake til Island

Unge strøymer til partiet

Piratpartiet har fått opptil 43 prosent på meiningsmålingar i vår og mange unge strøymer til partiet. På den seinaste målinga, 22. juli, får partiet 26,8 prosent støtte og er det største partiet på Island.

– Folk er lei av den noverande regjeringa og føler seg makteslause. Piratpartiet vil underbygga demokratiet og gje meir makt til folket. Ei rådgivande folkerøysting om grunnlova resulterte i at grunnlova skulle vedtakast, men dette valde regjeringa å totalt ignorera. Sjølvstendepartiet, som sit i regjering, gjekk til val på at dei ville gjennomføra ei folkerøysting om i kva grad Island skulle oppretthalda EU-medlemskapssøknaden sin, men noko av det første dei gjorde som regjering var å senda utanriksministeren til Brussel for å trekkja søknaden tilbake, utan å ha spurt borgarane i forkant slik dei lova. Dei tradisjonelle partia nedprioriterer dessutan interessene til dei unge i stor grad.

LES OGSÅ: Frå finanskrise til gründereventyr

– Noko er verkeleg gale

Dora Gudjonsdottir har snart budd sju år i Noreg. Her har ho tatt to bachelorgrader, ein i filosofi og ein i internasjonale studiar.

Ho meiner det er noko verkeleg galne med demokratiet på Island.

– Der borgarane ikkje er i stand til å yta sunt demokratisk press overfor politikarane fungerer ikkje demokratiet optimalt. Nokre ting må vera til stades for at dei skal kunna gjera det, sånn som pressefridom og eit sterkt utdanningssystem som er ope for alle.

Frå 2010 til 2015 fall Island frå 1. til 21. plass på lista over landa med mest pressefridom i verda.

– Dette skjedde etter at fleire personar frå regjeringspartiet Framstegspartiet gjekk ut offentleg og truga den islandske rikskringkastingen RUV med at dersom dei ikkje slutta å kritisera regjeringa, ville den økonomiske støtta til RUV kuttast. Det skjedde og RUV vart nøydde til å sparka 60 tilsette. Dei siste åra har utdanningsstønaden òg vorte kutta for islandske studentar i utlandet.

– Eg, som ein student i utlandet, har den siste tida hatt 30 prosent mindre å rutte med enn i 2009 då eg flytta til Noreg. Dette aukar klasseskiljet i samfunnet og er farleg for ein liten nasjon som bur på ei øy langt ute i havet.

QUIZ: Forstår du islandsk?

Slik vil Piratpartiet endra Island
Dora Gudjonsdottir seier at Piratpartiet vil vedta grunnlova som står klår slik folkesetnaden ynskjer.

– Me vil la borgarane røysta over i kva grad Island skal oppretthalda EU-medlemskapssøknaden, me vil gjera det lettare for borgarane å krevja folkerøysting om kontroversielle saker og me vil gjera den islandske lånekassa betre for at fleire skal ha høve til å utdanna seg.

LES OGSÅ: Von for vonlandsk

– Har partiet eit valprogram slik andre parti har det for landbruk, miljø, forsvar, utanriks og sosialpolitikk?

– Ja, absolutt. Sidan partiet er så opptatt av økt direkte demokrati er arbeidet med valprogrammet ein open, dynamisk prosess. Medlemmar som er opptekne av enkelte saker møtest for å diskutera og utforma politikken vår. Dei lagar eit forslag, som resten av medlemmane så røystar over i eit valsystem på nettet. Me har politikk på dei fleste område, men programmet vil vera i utvikling fram mot valkampen.

Dora stiller til liste i Reykjavik og omegn.

– Dei som blir vald kan sjølv bestemma kvar dei vil plassera seg, den øvste først, så den neste og så vidare. Det er ein ny og spennande metode for å sørgja for at dei beste folka faktisk blir vald. Eg stiller ikkje til nokon spesiell plass, men tar det eg eventuelt får med glede.

Listevalet byrjar 2. august og varer i ti dagar.

LES OGSÅ: Det islandske føredømet


– Kva parti vil de samarbeida med i Alltinget?

– Dei partia som er villige til å gjennomføra ein demokratireform, vedta grunnlova og senda EU-medlemskapssaka i folkeavstemming. Nyleg har Sjølvstendepartiet uttalt at dei ikkje synest systemendringar i det politiske systemet på Island er nødvendige, derfor trur eg det er usannsynleg at me kunne samarbeidd med dei.


– Kva parti hadde du stemt på, om du hadde stemt i Noreg, trur du?

– Eg har slite ein god del med det spørsmålet, men eg ser på meg som ein sosialdemokrat.

– 
Kva vil du gjera i valkampen?

– Eg vurderer å utsette masteren littegrann og ta eit semester på Island for å bidra til å få til eit regjeringsskifte, men det er vanskelig å planlegge sidan regjeringen nektar å setja dato for valet, avsluttar Dora Gudjonsdottir.

QUIZ: Kva veit du om Island?

Helvítis fokking fokk blei eit nytt islandsk uttrykk i samband med protestane i 2008 etter finanskrisa. Her i ein sketsj av komikaren Jon Gnarr sendt på kringkastinga nyttårsaftan 2008.