Éin av fem jødar i Europa har opplevd antisemittisme det siste året.

NPK-NTB-TT-DPA
NPK-NTB-TT-DPA
Faktaboks

• Krystallnatta er nemninga på natta mellom 9. november og 10. november 1938, og markerer starten på ei dramatisk opptrapping av jødeforfølgingane i Nazi-Tyskland. Nazistane innleidde då omfattande pogromar i Tyskland og Austerrike.
• Det er rekna med at rundt 200 jødar blei slått i hel denne natta, 267 synagoger blei brende ned og over 7500 butikkar blei vandaliserte. I tillegg blei meir enn 26.000 jødar førte til konsentrasjonsleirar, hovudsakleg til Buchenwald, Dachau og Sachsenhausen.
• 10. november var fortaua fulle av knust glas frå dei jødiske forretningane, og dette var grunnen til at denne forfølginga fekk dette namnet.
• Etter Krystallnatta blei dei tyske og austerrikske jødane ilagde ei kollektiv bot på éin milliard mark, tilsvarande 4000 mark for kvar enkelt jøde.

Les meir på Wikipedia!

LES FAKTALUKK FAKTA

Jødehatet er igjen på frammarsj i Europa. 75 år etter Krystallnatta og dei brutale angrepa på jødane i Nazi-Tyskland melder EUs kontor for grunnleggjande rettar (Fra) om teikn til veksande antisemittisme.

Eit klart fleirtal av dei som deltok i undersøking Fra gjort blant europeiske jødar, seier at dei antisemittiske tendensane er aukande. Ein femdel seier at dei sjølve har opplevd ein antisemittisk episode det siste året, opplyste kontoret fredag.

Sjølv om jødehatet er eldgammalt, tar det heile tida nye former. I dag er sosiale nettstader og andre internettsider dei viktigaste plattformene for dei antisemittiske kommentarane, skriv Fra i samband med markeringa av årsdagen for Krystallnatta mellom 9. og 10. november 1938.

LES OGSÅ:DNA avslører Hitlers jødiske røter

Skuggar
– Antisemittismen kastar lange skuggar over den lovfesta retten jødar har til menneskeverd, til å følgje samvitet sitt, til tanke- og ytringsfridom og til å ikkje bli diskriminert. Desse rettane blir krenkte kvar dag, slår EU-kontoret fast.

– Krenkingane viser få teikn til å minke, sjølv om EU sentralt og medlemslanda har gjort sitt beste for å få slutt på dei. Politikarane som prøver å reise ein effektiv kamp mot den antisemittiske kriminalitet, manglar informasjon, heiter det vidare,

Forskingssjef Ioannis Dimitrakopolous i Fra etterlyser ein felles innsats i FN-regi for å få mest mogleg av antisemittismen fjerna frå nettet. Han ber òg om eit større engasjement frå viktige nettselskap som Facebook og Twitter.

LES OGSÅ:Då Rogaland vart Judenrein

Folkeskikk
– Burde ikkje dei som tener millionar på nett-tenester, ha eit visst ansvar for å styrkje medvitet? Kommunikasjon på internett bør følgje dei same reglane for god folkeskikk som all annan kommunikasjon, seier Dimitrakopolous.

Fra strekar under at den nye undersøkinga ikkje gir seg ut for å gi eit bilete av situasjonen for alle jødar i EU. Ho er eit forsøk på å skaffe eit første overblikk, blir det sagt.

Målet er å styrkje kunnskapen om den antisemittiske hatkriminaliteten i EU-landa Belgia, Frankrike, Italia, Latvia, Sverige, Storbritannia og Ungarn. Undersøkinga har blant anna tatt for seg forholda i arbeidslivet og i utdanningssektoren.

LES OGSÅ: Ein av åtte har fordommar jødar

Oppdatert: torsdag 26. oktober 2017 10.51

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE