Overlevande: – Ungdom må vakne

Samuel Steinmann (89) hugsar svært godt dagen då M/S Donau forlét Oslo 26. november 1942, med 532 jødar om bord. Han meiner norsk ungdom veit altfor lite om frykt.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den siste overlevande

Tidleg måndag morgon var han ein av fleire hundre på Akershuskaia som ville minnast sjøferda. Steinmann var ein av svært få som kom tilbake, og no er han den einaste attlevande. Han var 19 år og snart russ hausten for 70 år sidan. Han gjorde lekser då telefonen ringde. Ein halv time seinare blei han ført bort av to menn frå Rikspolitiet.

– Eg veit ikkje kva slags karar dette var, om det var nazistar eller «gode nordmenn», dei gav ikkje noko teikn, seier Steinmann.

Etter ein månad i ein interneringsleir nord for Tønsberg blei han og andre fangar frakta til Oslo.

– Vi blei ikkje informert om noko, berre frakta hit og jaga om bord i Donau, fortel Steinmann, ei historie han har fortalt om og om att til journalistar, historikarar og skuleelevar gjennom fleire tiår.

Kjende ikkje hat
Kvar gong like engasjert, klar og med minna altfor godt i hovudet.

– Det er så viktig å fortelje, spesielt for den nye slekta som veks opp. Skulebøkene fortel ikkje stort. Det held ikkje å fortelje at Noreg var okkupert frå 1940-45, det må detaljar til slik at dei får vite kor forferdeleg det var for mange, seier Steinmann.

Denne mørke og sure novembermorgonen med snø i lufta går tankane igjen tilbake til den forferdelege dagen. To og eit halvt år skulle det gå før han utruleg nok sette føtene på norsk jord att.

– Eg kom heim 30. mai 1945 og blei møtt av venene mine. Dei var i Heimefronten, og ein av kompisane mine hadde vakt ved Møllergaten 19, fortel Steinmann. Han fekk tilbod om å helse på Quisling og sa ja.

– Der sat Quisling med hovudet i hendene, han såg ikkje opp. Eg sa ingenting, han sa ingenting. Men det var ei merkeleg kjensle. Eg kjende ikkje hat, eg kjende ikkje hemn, ingenting. Det var berre det at han sat der og venta på dødsstraff, og eg stod utanfor som ein fri, levande mann.

LES OGSÅ: Då Rogaland vart "Judenrein"

Framleis redde
Kulturminister Hadia Tajik trekte også fram andre krigsoffer under seremonien.

– Sjølv om det er vondt å hugse, skal vi aldri gløyme kva regimet til Hitler gjorde mot jødane, mot romfolket, mot homofile, mot personar med funksjonsnedsetjing og andre som blei offer for hatet, sa ho.

Å hugse er nødvendig for å kjenne det att og unngå at det skjer ein gong til, sa statsråden.

– Framleis er norske jødar redde for å fortelje kven dei er, dei er redde for hets og diskriminering. Kvar åttande norske innbyggjar har fordommar mot jødar. Slik skal det ikkje vere, sa Tajik.

Ho peika på at det alltid finst eit val, dette valet som gjer oss til frie menneske. Også den gongen var det fleire handlemåtar å velje mellom.

– Mens det var nokre som følgde ønskja til nazistane, valde andre å åtvare jødane før aksjonen, slik at nokre kom seg unna.

(saka held fram under bildet)

F.v. biskop Ole Christian Kvarme, statsråd Hadia Tajik, Heny Olafsen og Samuel Steinmann, siste overlevande frå fangeskipet Donau. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix / NPK

Orsakar
Dei offisielle orsakingane for den norske deltakinga i jødetransportane har komme seint. Statsminister Jens Stoltenberg (Ap) orsaka på Holocaustdagen 27. januar i år. På 70-årsdagen for Donaus avgang, kom også politiet med ei orsaking for rolla dei hadde under deportasjonen av fleire hundre norske jødar under krigen.

– Eg vil på vegner av det norske politiet og dei som hadde noko med deportasjonen av norske jødar til konsentrasjonsleirane orsake, sa politidirektør Odd Reidar Humlegård til Dagsavisen måndag.

LES OGSÅ: Ein av åtte har fordommar mot jødar

Kyrkja reagerte for seint, erkjenner biskopen i Oslo.

– Først etter at alle jødiske menn over 15 år var arrestert 26. oktober same år, reagerte ein. Men protesten frå Kyrkja mot forfølginga og overgrepa kom for seint, sa Oslo-biskop Ole Christian Mælen Kvarme i talen han heldt på Akershuskaia.

– Det er veldig godt å høyre, men jammen var det på tide, seier Samuel Steinmann.

Han er ikkje sikker på at verda har lært av holocaust. Framleis er det krig og elende på alle kantar. Han håpar likevel at ein slik deportasjon, det ondaste som nokon gong har skjedd, aldri vil skje igjen. Sjølv meiner han det var hell som redda livet hans.

– Når dei skal skyte kvar tiande mann, så har du flaks når du er nummer ni. (©NPK)

Utsvoltne fangar etter frigjeringa i 1945. Foto: Wikipedia

Faktaboks

I løpet av 2. verdskrigen myrda den nazistiske staten minst 25 millionar sivile i systematiske, statleg organiserte massedrap. Den meste ekstreme og systematiske utryddingspolitikken var retta mot jødane. Det blei utarbeidd detaljerte planar for å utsletta alle som blei definert som jødar. Nærmare 6 millionar blei drepne.

26. november 1942 blei 532 jødiske fangar frakta om bord på skipet ved Utstikker 1 ved Amerikalinjens kai i Oslo, fordelt på 302 menn, 188 kvinner og 42 born. I Tyskland gjekk turen vidare med tog til Auschwitz. Berre åtte menn i denne gruppa overlevde krigen.

Les meir om Holocaust på Wikipedia engelsk og nynorsk! Og på HL-senteret sine sider!