Undersøking: Store kunnskapshol om holocaust blant unge
46 prosent av unge i Frankrike svarte at dei ikkje hadde høyrt om eller var sikre på om dei hadde høyrt om holocaust.
Ein tredel av unge i Storbritannia kunne ikkje namnet på Auschwitz-Birkenau eller andre konsentrasjonsleiarar under holocaust, syner ei undersøking sitert av avisa The Guardian.
Undersøkinga er utført av Conference on Jewish Material Claims Against Germany, som er ein organisasjon som jobbar med oppreisning til offer for holocaust.
Holocaust
- Holocaust viser til nazistanes folkemord på jødane før og under den andre verdskrigen.
- I perioden 1938–1945 blei meir enn seks millionar jødar drepne.
- Jødane sjølv brukar ofte ordet shoah, som tyder katastrofe eller øydelegging.
- Auschwitz var nazistanes største konsentrasjonsleir under den andre verdskrigen og var spesialbygd for masseutrydding av menneske
Kjelde: Store Norske Leksikon og Holocaustsenteret
Funna blei lagt fram i forkant av den internasjonale minnedagen for offera for holocaust som er måndag 27. januar. I år er det 80 år sidan konsentrasjonsleiren Auschwitz i Polen vart frigjort denne datoen. Samstundes går det ei ytre høgre-bølgje gjennom Europa, og vi har sett ein auke i antisemittiske haldningar også i Noreg.
26 prosent av dei spurde frå Storbritannia svarte at dei ikkje kjente namna på nokon konsentrasjonsleirar eller gettoar. Talet var høgare i aldersgruppa 18–29 år, der 33 prosent svarte det same.
Om undersøkinga
- The Conference on Jewish Material Claims Against Germany (Claims Conference) la 23. januar 2025 fram Index on Holocaust Knowledge and Awareness frå åtte land. Landa som er undersøkt, er USA, Storbritannia, Frankrike, Austerrike, Tyskland, Polen, Ungarn og Romania.
- Svara vart samla inn av Global Strategy Group, med eit representativt utval av 1000 vaksne over 18 år i kvart av dei åtte landa, mellom 15. november og 28. november 2023.
– Djupt uroande
Blant amerikanarane var det heile 48 prosent som ikkje kunne namngje ein einaste konsentrasjonsleir eller getto.
– Dei alarmerande kunnskapshola, spesielt blant yngre generasjonar, syner eit presserande behov for meir effektiv holocaust-undervising. Det faktum at eit betydeleg antal vaksne ikkje kan identifisere grunnleggjande fakta – som dei seks millionar jødane som omkom – er djupt uroande, seier Gideon Taylor, presidenten av Claims Conference.
I aldersgruppa 18–29 år, var det i Frankrike 46 prosent som svarte at dei ikkje hadde høyrt om eller var sikre på om dei hadde høyrt om holocaust (shoah). Delen var 15 prosent i Romania, 14 prosent i Austerrike og 12 prosent i Tyskland.
Fleirtalet av dei spurde i undersøkinga visste samla sett ikkje at seks millionar jødar blei drepne under holocaust. I sju av dei åtte landa svarar 20 prosent eller fleire at to millionar eller færre jødar blei drepne under holocaust. Dei mellom 18 og 29 år er i alle landa meir truande til å meine at talet på jødar som blei drepne under holocaust, er overdrive.
Holocaustfornekting i sosiale medium
Undersøkinga syner at holocaustfornekting og -forvrenging var mest utbreidd i USA og Ungarn. 45 prosent av ungararane og 44 prosent av amerikanarane svarar at fornekting av holocaust er vanleg i landet deira, medan 49 prosent av amerikanarane og 47 prosent av ungararane svarar at forvrenging av holocaust er vanleg i landet deira.
På spørsmål om dei har sett holocaustfornekting eller -forvrenging i sosiale medium, svarar 47 prosent av alle vaksne og 65 prosent i alderen 18–29 år i Polen «ja». I USA har 53 prosent av dei unge sett holocaustfornekting eller -forvrenging i sosiale medium.
Det er Facebook som er det mediet der holocaustfornekting- og forvrenging er mest utbreidd i alle landa. I Storbritannia har dei unge sett meir av det på TikTok (42 prosent) enn på Facebook (26 prosent).
Frykt for at det kan skje igjen
Fleirtalet av dei spurde i alle landa utanom Romania trur noko som liknar på holocaust (enda eit folkemord mot jødar) kan skje igjen i dag. I USA trur tre firedelar (76 prosent) av dei vaksne i undersøkinga at noko som holocaust kan skje igjen.
Samstundes meiner ni av ti eller fleire i alle landa at det framleis er viktig å undervise om holocaust.