Den kinesiske presidenten har skrive seg sjølv inn i grunnlova. Dette betyr det.
I dag blei den 19. partikongressen i Kina avslutta. Kina-ekspert Rebekka Åsnes Sagild (25) forklarar kva som har skjedd i løpet av den siste veka.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dette har berre to statsleiarar gjort før Xi Jinping
Kina har stått stille den siste veka mens Kinas politiske retning har blitt planlagt frå hovudstaden Beijing.
Det har blitt gjort kjend tidlegare at president Xi Jinping har skrive seg sjølv inn i grunnlova til kommunistpartiet. Kva det betyr kan du sjå Kina-ekspert Rebekka Åsnes Sagild forklare i filmen øvst i saka.
Saka held fram under bilete
Nye mektige
I dag presenterte Xi Jinping dei nyaste medlemmane av den ståande komiteen til politbyrået, ei av det mektigaste politiske organa i landet. Dette er dei nye medlemmane:
Wang Yang kjem mest sannsynlegvis til å ta over som leiar for det fremste politiske rådgivande organet, CPPCC.
Wang Huning er den ideologiske guruen til partiet, og kjem til å være ansvarleg for propaganda frå no av. Han har spissformulert fleire av teoriane til tidligare presidentar.
Zhao Leji er leiar for organisasjonsavdelinga til sentralkomiteen til Det kinesiske kommunistiske partiet, og kjem mest sannsynlegvis til å ta over som leiar for sentralkommisjonen for disiplininspeksjon til Det kinesiske kommunistiske parti, som driv med antikorrupsjonsarbeid.
- LES OGSÅ: Korleis tekstar du på kinesisk?
– Spekulasjonar
Det blir spekulert i om Li Zhanshu kjem til å ta over som sjef for Den nasjonale folkekongressen, som er det lovgivande organet i kina.
Han Zheng har fram til no vore borgarmeister i Shanghai. Kva hans oppgåve blir i framtida er uklart.
– Ein del av dette er bygd på spekulasjonar. Men éin ting er sikkert, Xi Jinping er og vil framleis vere den mektigaste mannen i dette viktige landet, fortel Kina-ekspert Rebekka Åsnes Sagild.
Vil du vite meir om det politiske systemet i Kina, kan du høyre Rebekka forklare i filmen under.
- FÅ OGSÅ MED DEG: Slik fungerer politisk val i Kina
https://vimeo.com/238944857