Framtida
Publisert
Oppdatert 15.12.2017 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heldigvis gir myndigheitene i dag betre råd enn å pålegga dei potensielle ofra portforbod: Jenter bør ikkje gå åleine, dei bør læra seg sjølvforsvar og generelt vera forsiktige. Til og med den heilage kua i norsk kultur har vore nemnt, alkoholen: kanskje jenter ikkje bør drikka så mykje?

Valdtekter skjer sjølvsagt ikkje berre i fylla. Men ei full jente er dårlegare til å forsvara seg, ho blir ikkje tatt på alvor korkje når ho seier nei eller når ho roper på hjelp (eller for den del i rettsapparatet og hjå politiet), og dømmekrafta hennar er svekka, så ho kan gjera ting ho gjerne ville nølt med i edru tilstand. Sjølv om overfallsvaldtektene sjokkerer oss, så er det enno slik at dei fleste blir valdtekne av nokon dei kjenner: ein (eks)kjæraste, ein ”venn”, ein lærar, ein ungdomsleiar, ein onkel eller ein nabo. Politiet rapporterer at dei får inn fleire rapportar om ungdomsvaldtekter no enn før, og mange av dei skjer på festar mellom klassekameratar og venner.

Det skal aldri gløymast at uansett kor full ei jente er, så har ingen rett til å misbruka henne. Men vil me kvinner verkeleg frivillig gjera det lettare for andre å misbruka oss? Vil me bruka dyre pengar på å gi andre makt over oss og gjera oss sjølve makteslause?

Mange, både jenter og gutar, er ikkje klar over kor farleg alkoholen kan vera. Og då tenker eg ikkje først og fremst på alt det dumme, tankelause eller farlege ein kan gjera i fylla, men rett og slett på gifta alkohol. Me høyrer av og til om jenter som meiner at nokon har putta narkotika i drikka deira, for sidan å misbruka dei når dei var bevisstlause eller sløva. I fleire av desse tilfella har det vist seg at det var drikkevarene i seg sjølve som gav jentene blackout, dei hadde rett og slett drukke seg sanselause, gjerne på drinkar som smaka saft og frukt og ikkje kjendest som sprit. Men tanken på at alkoholen kan gjera deg bevisstlaus, den alkoholen som alle brukar og som er så vanleg og lett å få tak i, er så fjern for dei fleste at dei trur det må vera noko anna og farlegare blanda i. Ein bartender blei skulda for uaktsamt drap for ei tid sidan. Han hadde servert mange tequiladrinkar til same mannen på kort tid, og plutseleg hadde mannen sige i bakken, daud av alkoholforgifting.

Kvinner toler alkohol dårlegare enn menn på grunn av at me har mindre av eit enzym som hjelper kroppen å bryta ned gifta. Sidan 1987 har talet på unge jenter i Sverige som har blitt alkoholforgifta auka med ein tredjedel, skriv Aftenposten. Norske tal viser den same utviklinga.
Rundt 8000 norske ungar/ungdomar mellom 12 og 14 år drikk regelmessig, seier ei undersøking MMI gjennomførte tidlegare i år.
Det blir stadig lettare å få tak i alkohol, totalforbruket i landet vårt blir høgare, pluss at me har fått rusbrusen som ein kan drikka mykje av utan å smaka alkoholen, alt dette meiner forskarane kan forklara dei stigande tala.

Me har alle eit ansvar for at nokon slit med alkoholen, fordi me alle er ansvarlege for dei haldingane som finst rundt alkohol. Organisasjonen Alkokutt står bak ein ny kampanje; Rolig, nå; som nettopp vil bruka det miljøet som finst rundt ungar og ungdomar som drikk. 40 ungdommar frå heile landet er med på aksjonen som vil få ungdom til å utsetta alkoholdebuten sin, og til å drikka mindre.
Vonleg er bodskapen meir effektivt når han kjem frå jamaldringar enn frå oss halvgamle!